#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 11/04/2026
11:00 - 15:30

Kategorier


Surdeigsbakekunsten er mange mange tusen år og har mange facinerande aspekt ved seg. Når du først skjønar korleis surdeigsstartaren fungerar vil baking med surdeig gå veldig lett.

Det er få brød som smakar like godt som eit brød bakt på surdeig. I tillegg er det mykje kreativt ein kan gjere med surdei i tillegg til at det er ei god kjensle å arbeide med den – rett og slett litt terapeutisk:).

Du er velkomen til å delta på eit kurs i baking av surdeigsbrød.
Dette er eit kurs for deg som ønskjer lære mate og ta vare på din eigen surdeigskultur, og nyttige tips for å kunne bake nydeleg brød og rundstykker.
Merete har baka med surdeigskultur i over 7 år og har baking som lidenskapeleg hobby. Alle som har delteke på workshops, retrat eller overnatta her og ete frukost opp gjennom åra har smakt dei smakfulle og mettande produkta. Det er like spanande å bake kvar gong, du får energi og glede med på kjøpet.
Surdeigsbakst har eit høgt næringsinnhald, god smak, lettare for fordøyelsen (melkesyreaktivitet), er fermentert og stabiliserer blodsukkeret, opprettheld god balanse og bakterieflora i magen. Brøda held seg også saftige lenge.
Å bake surdeigsbakst tek litt tid og tolmodigheit, men er veldig artig og givandes.
Kva du vil lære:
Mate og halde ved like ein surdeigskultur.
Korleis brette, folde og «lese» surdeiga. Forme og oppbevare deiga for godt resultat.
Lage mønster og steike ditt eige brød – som du får med deg.
Du får med deg ein sterk kultur heim, samt eit hefte med oppskrifter og framgangsmåte.
TID: 11.04.2016, kl. 11.00 –  ca. 15.30.
PÅMELDING: Fyll ut namn og telefonnummer i Bookings nede på sida her. Du får tilsendt ei lenke med informasjon om betaling – og du er påmeldt når betalt.
PRIS: Kr. 1380,- pr person inkludert lunsj med smak av diverse surdeigsprodukt samt kaffi/tè.
Blir du hindra i å delta så kan du selge plassen din til nokon andre, men ikkje overføre den til eit seinare arrangement.
Velkomen til bakstedag:).
Merete

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00