Dato / tid
Date(s) - 13/05/2026 - 16/05/2026
17:00 - 22:00
Kategorier
🌿 Yogaretreat i Valldal – Yoga, Yinyoga, Kroppsbehandling, Stilletid og Spa 3.–16. mai 2026 | Meretes Garden, Valldal Treng du å lande – å finne att pusten, rytmen og roa i deg sjølv? Velkomen til fire dagar i vakre Valldal der du får fylle på med yoga, nærande mat, natur, stillheit og varme møte. Dette er ei unik moglegheit til å fordjupe deg i yogaen, vende merksemda innover, og hente kraft frå det enkle og ekte. Kvalitetstid til seg sjølv er rein luksus og vi vil leggje alt til rette for at du skal få 4 rike dagar her i vår vesle oase ved elva i Valldal. Vi vil i løpet av desse dagane vere stille saman, gjere mykje yoga, hygge samstundes som du får god tid til berre å vere deg, og med deg. Vi vil ete rein og god vegetarmat, gå turar i skog og mark, eigatid til din disposisjon der du kan tinge deg behandlingar både kroppsbehandling og samtaleterapi.
🌸 Om staden
Meretes Garden ligg vakkert til i Valldal, midt mellom fjord og fjell. Det gamle gartneriet er forvandla til eit fredfullt retreat-senter med yogasal i glasdrivhus – eit rom der du er tett på naturen, uansett ver. Herifrå ser du rett ut i zen-hagen som vi nyttar til meditasjon og rolege vandringar. Når vêret tillèt det, tek vi yogamatta med ut under open himmel. Du overnattar i luftige bomullstelt med gode senger, omgjeve av fuglesong og elvesus – ei oppleving som gjev enkel komfort med nærleik til naturen.
✨ Om lærarane
Merete Myklebust – Utdanna yogalærar frå Norges Yogalærerskole (1000 timar), psykoterapeut og gruppecoach. Merete har bygd opp retreat-senteret på barndomsheimen sin for å skape ein stad for indre ro, naturkontakt og personleg vekst.
Hege Bjørstad – Naturmedisinsk muskelterapeut MNNH. Hege tilbyr behandlingar som kombinerer massasje, bindevevsarbeid og energi-teknikkar, for å støtte kropp, sinn og pust.
Meretes Garden er spesielt bygt opp med det formål å fremje harmoni, utvikling, livsenergi og samhald. Her kan du verkeleg lade batteria. Vi treng oasar til å puste og slappe av i, møteplassar som får fram det beste i oss. Merete er utdanna psykoterapeut med gruppecoach som påbygning, er utdanna hatha yogalærar og har bygt opp senteret på barndomsheimen sin til å bli eit naturretreat. I ei digital verd er det meir å meir viktig å også leve analogt og i pakt med seg sjølv og naturen, for å ta vare på det som er ekte og sant og kvarandre. Difor vil du også kunne vere i stilla saman desse dagane, ca. halve tida.
I våre tilbod innan sjølvutvikling og behandlingar, har vi stort fokus på koppsbevisstheit. Her ligg vårt potensiale klart til å utfolde seg! Under opphaldet kan du nytte deg deg av kroppsbehandlingar eller terapisamtale i trygge omgivnader som saman med yoga vil gje ei fordjuping og forankring av det du er i kontakt med under opphaldet. Hege Bjørstad er utdanna naturmedisinsk muskelterapeut, og driv Bjørstad velvære i Valldal. Behandlingane passar godt saman med yoga då fokuset er på både kropp og sinn, pust og velvære – ei heilskapleg behandling der ein arbeider med musklar, bindevev og nervesystem, tilpassa deg slik du er akkurat no. Behandlingane kan være ei god støtte under retreatet, særlig for deg som kjenner på stress eller spenning kroppen. Dei kan bidra til djupare avspenning, mer ro og balanse i nervesystemet, og betre kontakt med egen kropp. Denne terapiforma inkluderer element frå kraniosakralterapi, klassisk massasje, faciaarbeid og energiteknikkar.
🧘♀️ Kva du får oppleve
- Morgon- og ettermiddagsyoga: klassisk hatha og yinyoga
- Zen-walk og meditasjon – tid for refleksjon, stillheit og merksemd
- Mindfulness-økter mot stress og indre uro
- Vegatarisk, rein og smakfull mat, laga med omhu.
- Vedfyrt badstu og kaldkulp, perfekt etter yoga og tur
- Fjelltur med fjordutsikt – frisk luft og stillhet i naturen
- Moglegheit for kroppsbehandling og samtaleterapi.
- Lære meir om surdeigsbaking. Vi startar opp og et godt surdeigsbrød.
Mellom yogatimane har du god tid til å berre vere – lese ei bok i drivhuset, nyte stilla i zen-hagen eller la tankane flyte med elvesuset.
🕊️ Praktisk informasjon
📅 Dato: 13.–16. mai 2026 📍 Stad: Meretes Garden, Valldal 💰 Pris: kr 5 300,- (Inkl. 3 overnattingar, yoga og meditasjon 2–3 gongar dagleg, alle måltid, og tilgang til badstu) 💫 Tidlegpåmelding: kr 4 900,- ved betaling innan 1. mars 2026 🧾 Påmelding: Bindande ved betaling. Ved avmelding etter 13. april er det eit adm.gebyr på kr 1 000,- 👣 Plassar: Avgrensa til 15 deltakarar 🌿 Ingen forkunnskap naudsynt – berre eit ope sinn Yogalærar: Merete Myklebust, utdanna frå Norges Yogalærerskole. 1000 t. Naturmedisinsk Muskelterapeut og massør: Hege Bjørstad. Kvar: Meretes Garden, Valldal. Du kan lese korleis reise hit på denne lenka http vegen til retreatet
🧘♀️ Programmet vil sjå slik ut
Onsdag: Innsjekk kl. 15-16.00, Mjuk landingsyoga kl. 17-18.00, Kveldmat k. 19.00, Samling og bli kjent kl. 20.00, Kveldssauna. Torsdag: Zen walk og morgonstrekk kl. 07.30, frukost kl. 09.00, dynamisk yoga og pust kl. 11.00. Lunsj kl. 13.00, eigatid/behandlingar/sauna, Yoganidra kl. 18.00, Middag kl. 19.00. Fredag: Zen walk og morgonyoga, frukost, eiga tid og lunsj ( skogstur,fjelltur, sauna, behandling), Klassisk yoga, Middag, kveldssamling; Bevegelse til musikk og meditasjon. Laurdag: Yin yoga, frukost, sjekke ut, samling og farvel, lunsj kl. 12.30 -13.00.