#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 26/09/2026
10:30 - 17:00

Kategorier


Velkomen til eit vakkert hausteventyr i Valldal, i slutten av september. Her vil du oppleve roleg morgonyoga, zenwalk og meditasjon, ein smakfull vegetarlunsj, yogastretch, yoga nidra-djup avspenning og vedfyrt sauna m/kaldkulp.

Ein heil laurdag der kropp og sinn kan falle til ro, la velvære og endorfinar få plass, er ei nydeleg gåve å gje seg sjølv. Her kan du kome og lade opp batteria, koble ut og nyte den frisk haustlufta og fargane i fjella.

Dette får du oppleve:

  • Zen walk i den japanske hagen
  • Roleg morgonyoga, yoganidra og yogastretch
  • Eit smakfullt måltid og snacs
  • Saunabad i ei stor og romsleg badstove. Kaldkulpen er rett utfor døra og blir fylt opp.

Kom sjølv eller saman med likesinna. Du treng inga erfaring med yoga frå før for å delta.

TID: 26. september kl. 10.30 – 17.00.

PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her. Du får etter kvart tilsendt ei betalingslenke, og betaling stadfestar påmeldinga di.

Blir du hindra i å delta sjølv kan du gie eller selge billetten. Vi kan hjelpe med vidareformidling.Ein kan dessverre ikkje overføre billetten til eit seinare arrangement.

PRIS: Kr 910,- pr person. Handduk/kaffi/te/servering inkludert.

Ønsker du overnatte har vi eit par rom til utleige. Ta kontakt om pris.

Alle velkomen.

 

Merete (Yogalærar 1000 t)

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00