Dato / tid
Date(s) - 27/09/2026 - 29/11/2026
17:00 - 18:15
Kategorier
Her kan du kome vere med på haustyoga ein gong i veka fram til slutten av november. I yoga får du lære og øve på fysiske stillingar som både styrker og gjer deg meir smidig, djupe gode strekk og korte og lange avspenningar som roar ned, balanserar energien og gir kjensle av velvære. I yoga vil du kjenne på ro, energi og kraft. Gjennom meditasjon får du meir medvit om deg sjølv og kan tenkje klårare. Meditasjon er også eit viktig reiskap til å unngå stress.
Ver med oss 8 eller 9 gonger utover hausten. Med opphald haustferieveka.
TID: Måndagar kl. 17.00 – 18.15, Oppstart 28.9 til 30.11.
PRIS: 8 gongar kr 1600,-, 9 gongar kr. 1750,-.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nederst på sida her. Betal så inn deltakaravgift til vippsnr. 531222.
Bindande påmelding.
Alle velkomne.
Merete – yogalærar.