#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 28/09/2026 - 07/12/2026
18:30 - 20:00

Kategorier


Kom og ver med på fortsetjarkurset i yoga. Her kan du vidareutvikle yogastillingar og meditasjon du har praktisert sjølv eller på eit tidlegare kurs. I yoga får du lære, og øver på fysiske stillingar som både styrker og gjer deg meir smidig, djupe gode strekk og korte og lange avspenningar som roar ned, balanserar energien og gir kjensle av velvære. I yoga vil du kjenne på ro, energi og kraft. Gjennom meditasjon får du meir medvit om deg sjølv og kan tenkje klårare. Meditasjon er også eit viktig reiskap til å unngå stress.

I haust vil vi ha særleg fokus på opplevinga i kropp og sinn dei enkelte øvingane gir. Ved å gjere yoga opnar du opp til fleire ukjente rom i kroppen, dvs. du vekkjer kroppen og frigir energi som er bunde opp eller som er frosse fast. Klassisk yoga har den fordelen at vi kan løyse opp blokkeringar i kroppen ved skonsomt å bruke tid, medvit og pust som «arbeidsreiskap» når vi held ei stilling. Yoga fungerer aller best som førebyggjande til muskel og stresslidelsar, men er også eit godt vekty som hjelp til å finne meir ro og balanse og ta hand om ondtar.

Ver med oss 9 eller 10 gonger utover hausten. Med opphald haustferieveka.

TID: Måndagar kl. 18.30 – 20.00, Oppstart 28.9, siste kveld 07.12.26.

PRIS: 9 gongar kr 1800,-, 10 gongar kr. 1950,-.

PÅMELDING: Fyll ut Booking nederst på sida her. Betal så inn deltakaravgift til vippsnr. 531222.

Bindande påmelding.

Alle velkomne.

 

Merete – yogalærar.

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00