Dato / tid
Date(s) - 19/09/2022
19:45 - 21:15
Kategorier
Dette kurset er eit fortsetjarkurs for deg som har gått på grunnkurs eller Mjuk yoga kurs tidlegare. Her vil du få utdjupa kjennskap til yogaøvingane du kjenner frå før. Du vil også bli kjent med mange nye øvingar. Vi vil ha særleg fokus på solhelsing og fleire variantar av denne dette semesteret. Solhelsing betrar både styrke, smidigheit, koordinasjon og balanse. Sidan den er ein serie av fleire yogastillingar vil ein ofte oppleve ei kjenssle av flyt og harmoni ved
Vi arbeider her også meir direkte med energi i pusteøvingar og i mudra og bandha. Vi utviklar kontakt med dei psykiske energisentra langs ryggsøyla og i hovudet, kroppens chakra.
Yoga har mange gode verknader på kropp og sinn. Mange brukar yoga for å redusere stress, for å betre smidigheita i kroppen og andre ønsker gjerne få fatt i ei god kjensel av blanse og harmoni innei.
Plass til 8 stk.
Du tek med eiga yogamatte, pledd og ev. pute.
TID: Måndagar kl. 19.45 – 21.15 Oppstart 19.09 til 14.11, 8 gongar. Opphald i haustferien, veke, 41.
Om ein ikkje kan kome på ein kurskveld har ein høve til å delta på ledige plassar på eit av dei andre kursa som går i same periode.
PRIS: Kr. 1650,-.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her. Du får også ein velkomstmail med informasjon innan oppstart.
BETALING: Ved påmelding. Vipps tlf. 90570674 eller kontonr. 40602663711 merk «Yoga3».
Alle velkomen!
Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.