#_LOCATIONMAP
Dato / tid
Date(s) - 01/04/2023 - 02/04/2023
17:00 - 19:00
Kategorier
Ein kveld for djup avspenning. Roleg yin yoga program som har som mål å løyse opp stramt bindevev, strekke og tøye heile kroppen.
I ein krevjande kvardag gjer det godt å roe heilt ned. Dessutan vil yin yoga komplimentere dei aktive yogatimane om du utøver yoga elles. Vi arbeider oss inn i passive yogastillingar (sitjande og liggjande) i 3-5 minutt for å frigjere spenningar med fokus på å opne opp området rundt rygg, hofter, skuldrar og skape balanse i kroppen.
Du blir guida inn i djupe strekk og yogastillingar som foregår meir eller mindre liggjande, og til roleg musikk og dempa belysning. Denne klassa er designa for at du skal få nyte åleinetid i stillheit, ro og forløyse stivheit og vondtar. Yin yoga er særleg kjent for å hjelpe på stress og er gode restorative øvingar som er fine å nytte etter f.eks. trening eller trimturar.
Vi avsluttar med 15 minutt djup avspenning (Yoga Nidra). Yoga Nidra betyr bevisst søvn og har ei god avspennande verknad på vårt nervesystem, indre organ og på eit uroleg sinn. Ta deg tid til å kome på ein avslappande søndag saman med likesinna.
Du treng inga forkunnskap om yoga for å vere med. Unngå ete eit tungt måltid dei siste 2 timane før.
Utsagn etter yin yoga kveld: «Så deileg», «Detta trengte eg», «Dette gjorde godt», «Gjorde godt-vondt», «Sov betre enn på lenge».
TID: 02. apil kl. 17.00 – 19.00.
STAD: Døvingssida 10
PÅMELDING: Via lenka under. Når du har fylt ut med nødvendig informasjon får du ein kvitteringsmail som stadfestar at du har fått plass.
PRIS/BETALING: Kr. 370,- pr person. Betaling = stafesting av di bestilling. Betal med vipps til tlf. nr. 90570674 eller kontonr. 40602663711 merk «yoga».
Alle velkomen!
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.