#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 22/09/2023
18:00 - 20:00

Kategorier


Velkomen til ein fredag der du verkeleg kan slappe av og nyte livet, gje kropp og sjel velvære i mange former.  Til vene lydar frå syngebollar og gong vil Tina spele medan Merete veiledar deg inn i mjukgjerande yin yoga stillingar. Kropp og hovud får høve til å jobbe ilag samtidig som vibrasjonane frå lydspaet får verke saman med stillingane og løyse opp blokkeringar, vondtar og hjelpe deg tøme hovudet samt roe ned. Stresshormon byter plass med velværehormon og du vil kjenne deg meir på plass i deg sjølv, kjenne på ei god ro og kjensle innei etter endt time. Til slutt vil du ligge på ei avspenningsmatte og berre ta imot lydane frå lydspaet slik at kropp og sinn kan falle til ro.

Når du reiser heim vil du kjenne deg utkvild, i kontakt med ditt indre og ei god ro. Du kan kome utan erfaring med yoga eller lydbad. Vi vil gje instruksjon slik at alle vil få utbyte av å delta. Vi skal halde til i yogadrivhuset på garden, nært naturen omgjeve av alle elementa – dersom temeraturen er god. Elles er vi innomhus. Ta uansett med deg varme klede, ullpledd og ei pute samt yogamatte om du har.

Ønsker du overnatting i eit glampingtelt så kan du bestille det også.

Yin yoga og syngebollar: Kl. 18.00 – 20.00.

Tid: 22. september.

Pris: Kr. 410,-. Betaling ved påmelding. Bindande.

Påmelding: Fyll ut Bokings nede på sida her. Betaling av deltakaravgift stadfestar påmeldinga di.

Vi treng min. 5 personar for at arrangmentet skal haldast. Så ikkje nøl med å melde deg på, dette blir ei magisk stund.

 

Alle velkomen.

 

Tina og Merete

 

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.