Dato / tid
Date(s) - 22/04/2020 - 06/05/2020
19:00 - 20:00
Kategorier
Yoga er den beste medisin mot overtenking, bekymringar og stress. No vil eg tilby deg ein serie med klassisk yoga program online på møtekanalen zoom.
Vi vil gå gjennom ma. solhilsen, mjukgjerande yogastillingar for heile kroppen, gode pusteøvingar, avspenning mm.
Undervisninga blir teke opp og sendt til deg like etter timen er ferdig. Då gjer det ingen ting om du ikkje kan vere med på ei direktesending sjølv om det er aller best. Du vil få veiledning under vegs og kan sende chattemeldingar, men lyden vil vere av når timen er i gang.
Nivå: Prøvt litt, men treng ikkje vere mjuk eller pure ung. Det viktigaste er at du bestemmer deg for å gjennomføre, så vil alle merke effekt av kvar enkelt time.
TID: Onsdag 22.4 kveldsyoga kl. 19- 20.00
Søndag 26.4 morgonyoga kl. 10.00 – 11.00
Onsdag 29.4 kl. 19.00 – 20.00
Søndag 03.05 kl. 19.00 – 20.00
Onsdag 06.05 kl. 19.00 – 20.00
I tillegg kan du mellom timane bestille ein x 30 min privat veiledningtime (verdi kr. 350,-), inkludert i prisen. Ønsker du fleire private timar kostar det kr. 650,- pr 60 minutt.
PRIS: Kr. 500,- for 5 x 60 minutt yoga. Betaling = påmelding. Fyll ut bestilinga i boksen under også, eller send meg ein mail. Mailadressa di blir viktig for å sende deg invitasjon.
Vipps nr. 531222 eller kontonr. 40602663711 merk «onlineY».
Å kome seg på zoom:
Registrere deg/laste ned zoom:
Zoom via telefon el. nettbrett: Last ned appen. Når du mottek lenkje med invitasjon frå meg vil appen opne seg automatisk. Det beste er å bruke pc då mobilskjermen er liten.
Zoom via pc: Åpne nettlesar og gå til http://www.zoom.us/download og klikk på «Zoom client for Meetings» og lastar denne ned.
Når du er tilmeldt får du ein mail tilsendt med innlogginginformasjon og du kjem inn i eit «venterom» før du blir invitert inn i studio.
Erfaringane så langt er gode, og mange som kanskje ikkje trudde dei skulle komt i gong med yoga heime er no i gong. Dette gler eg meg til!
Velkomen!
Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.