#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 26/11/2022
17:00 - 20:00

Kategorier


Ver hjarteleg velkomen til eit roleg og stemningsfullt førjulsspa med varm vedfyrt sauna og bålpanne utandørs fom. kl. 17.00 – 20.00. I høve marknad i Skomakargata i sentrum av Valldal inviterer vi til eit førjulsspa der kropp og sjel kan finne avstressande velvære og helsebot. Den gamle saunakulturen er «hot» som aldri før, unge som gamle har sett verdien av å gå i sauna regelmessig.

Eit godt saunabad består av å site i varm sauna, 70 – 80C, i 10-15 minutt, eller viktigast – så lenge det kjennest ålreit, ta seg ei nedkjølande pause med kald dusj, drikke vatn, gå utanfor ol. før ein atter går inn i badstova. Vi pøser godt med vatn på dei varme steinane på vedomnen slik at det blir både fuktid og tørr luft inne i badstova. Sånn kan ein halde det gåande og få ein god utsveittingsprosess i gong. Du vil kjenne deg god og rein samt kjensla av velbehag etter endt kveld.

Det er så mange gode helsebringande fordelar av å gå i sauna, både kroppsleg, mentalt og sosialt. La ikkje eit svakt kroppsbilete eller sjenanse hindre deg i å hygge deg og drage fordelar av eit opphald her – når ein har komt i gong gløymer ein alt om «korleis ta seg godt ut» og merkar at uansett form så er alle «likeverdig» i ei badstove.

Førjulssauna inkluderer:

  • Badehandduk.
  • Servering av forfriskningar/frukt/snacks/kaffi/te.
  • Tilrettelegging for grilling med heimelaga tilbehør.
  • Sukkerscrub.
  • Saunagufs med olje.

TID: Laurdag 27.11 kl. 17.00 – 20.00.

BESTILLING: Fyll ut booking nedanfor.

PRIS: Kr. 420,- pr pers for sauna m/ grilling av pølser (tilbehør: Sylta raudlauk og potetsalat ev. grilla maiskolbe) samt Kr. 350,- for kun sauna inkl. forfriskningar som frukt/snacks/kaffi/te. Handdukar inkludert. Ta med bikini/badebukse.

Spashop: Vi har naturbaserte og gode spaprodukt for sal, ekte kashmirsajal og yogaklede av bambus og økologisk bomull.

Ein betalar med vipps eller kortterminal på staden.

Alle velkomne.

 

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.