#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 18/09/2023
19:00 - 20:30

Kategorier


Velkomen til eit yogakurs der du får utvikle din yogapraksis på ein roleg og trygg måte.  Dette kurset vil ha både gode yogaøvingar, meditasjon, pust- og avspenning. I tillegg gode mudra og bandha som forsterkar og aukar energien du vil lære å romme. Du vil merke auka styrke, fleksisbilitet og uthaldenheit både i kropp og stillingar. Kurset passar for deg som har prøvt litt yoga før. Det blir kjente yogastillingar og pusteøvingar, men også nye.

Yoga passar dei fleste og skal vere ei privat reise samtidig som vi er saman i gruppa og får kjenne på fellesskapet og utvikle oss saman.

Vi skal halde til i det «gamle pakkhuset» som har golvvarme. Ta med eiga matte, pute og pledd.

Tid: 18. september kl. 19 – 20.30. Siste kveld er 27.11. Opphald i haustferien veke 41.

Påmelding: Fyll ut bookinga nede på sida her. Di innbetaling av kursavgift stadfestar påmeldinga. Påmelding er bindande.

Pris/betaling: Kr. 1850,- for 10 gongar. Betal via vipps tilf.nr 90570674 (Merete Myklebust) eller kontonr. 40602663711 (merk yoga).

Velkomen!

PS! Går du glipp av ein kveld kan du ta den att på mellompartiet tirsdagar kl. 17.00 eller det nye tilbodet fredagar «Yogapust med Merete – 4 fredagar».

 

Ønsker du drop- in kan du kjøpe 4 stk.(minimum) for kr. 1000,-.

 

Velkomen!

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.