Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 10/05/2019 - 27/09/2019
18:00 - 21:30

Kategorier


Fredag er inngangen til helga og kva passar betre enn å sleppe stress og slit og innta yogamatta for så å lauge kropp og sinn i ei god og varm badstue? Yoga + sauna er ein fast post på programmet i Gullåna badehus og er ved sidan av ein velgjerande spakveld ein inspirerande møtestad. Yogatimen er med gode yogastillingar som alle kan vere med på med ma. mjuke stretch for å restituere kroppen etter ei lang veke. Foregår i drivuset i varme månader og framfor peisen i badehuset elles. Etter yogatimen står vedfyrt sauna klar med ein lun varme som verkar nedstressande og velgjerande på heile kroppen. Med store vindauger i saunaen har vi utsikt til den vakre elva Valldøla og til majestetiske fjell. Med kaldpulp og dusjar til å kjøle seg ned med så får ein i kombinasjon med varm sauna igang blodsirkulasjonen og 2 timar går fort!

Handduk/kaffi/te/frukt inkludert i prisen.

Kr. 350,- pr person. Kr. 900,- for kjøp av 3 klipp. Vipps: » betaling» #531222, har også betalingsterminal.

Bestill ved å fylle inn informasjon i boksen «booking» nederst på sida.

Datoar 2019:  22.mars, 19. april, 10. mai, 21. juni, 19.juli. 9.august, 30. august.

Alle velkomen!

Bookings