#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 25/06/2023
18:00 - 20:30

Kategorier


Velkomen til ei heilt spesiell oppleving i vår hage i Valldal søndag 25. juni. Kom og ver med på eit sjelfullt gongbad der du kan legge ifrå deg alt av stress og kvardag, og la dei vibrerande tonane frå gongmeister Inge Joar roe ned, reinse og gje deg akkurat det du treng. Her kan du få mulegheit til å oppleve gongen sin djupe frekvens og kvile. Lyd er energi og skapar vibrasjonar som påverkar oss både fysisk og på sjelenivå. Gongbadet kan bidra til å frigjere stress og blokkeringar i både kropp og sinn. Du ligg på ei god og mjuk matte og berre tek imot medan lydar på forskjelleg vis vil reinse og balansere ditt energifelt.
Kva lyd eller vibrasjon som er den beste for deg, avheng kvar du er i livet ditt, kva du treng for stunda. Inge Joar har mange års erfaring med å spele på gongar og vil med alle sine flotte instrument skape eit nydeleg spekter av frekvensar.

Det blir først ei kort oppvarming med gong, så ei lita deling i gruppa om korleis det blir opplevt, før vi går i gong med eit lengre lydbad.
Ta med:Godt/tjukt liggeunderlag/godstol samt pledd og pute..
Inge Joar Holsen har sidan 2006 dreve med awareness meditasjon samt utført healing og gitt gongbad rundt om i Norge og verda.
Denne kvelden skal vi halde til i glasdrivhuset på garden til Merete, omgjeve av naturen og alle elementa.
Påmelding: så snart du kjenner at dette vil eg vere med på til Merete: e-mail life@meretesgarden eller sms til 90570674. Første mann til mølla, her er plass til 10 personar.
Pris: Kr 490,-. Bindande påmeldng ved betaling (= påmelding).
 Inge Joar og Merete ønsker deg varmt velkomen.

+47 41 306 306