#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 11/09/2022
18:00 - 21:00

Kategorier


Velkomen til spa søndag  – Welcome to Wellness Sunday with sauna and gong bath.

Du er velkomen til spasøndag med vedfyrt sauna før gongbad med Tina Holmeset. Unn deg nokre velgjerande timar for kropp, sinn og sjel.

Eit gongbad er ei meditativ oppleving der du badar i lydvibrasjonane frå gong, syngebollar, chimes, Shruti, og andre instrument samt song.

Lydvibrasjonane hjelpe til å løyse opp i blokkeringar og spenningar på alle plan, både fysisk, mentalt og emosjonelt. Ved å gje slepp, la pusten flyte og la lyd og vibrasjonar skylle gjennom deg, blir du leia inn i djup avspenning. I denne avslappande tilstanden ligg muligheiter for at kroppen kan begynne å balansere seg sjølv.

Her kan du vere med heile deg, lande, la kroppen kvile og nullstille seg. Du ligg på ei god ullmatte med pledd over og  let deg omslutte av velgjerande vibrasjonar i ei revitaliserande og helende stund.

Du vil etter endt lydspa kjenne deg fornya, avslappa og meir heil. Vibrasjonane av eit gongbad vil fortsete å verke i deg i fleire dagar.

Lett servering av forfriskningar.

Tid/Pris: Sauna frå kl 18-19.30. Gongbad kl. 19.30- 20.45. Pris kr 650,- pr pers. Inkl. handduk/forfriskningar/smoothie/ avspenningsmatte.

Kun gongbad: Kr. 400,-

Kun sauna: Kr. 250,-.

I sauna kan du ha bikini, badebukse eller hanklede. Du får utdelt handklede her.

Til gongbadet er det viktig å ta med gode varme klede samt ullpledd, ev. ei pute. Vi skal vere i eit glasdrivhus der varmen er avhengig av utetemperaturen.

Påmelding: Fyll ut booking nedanfor. Du får også ein velkomstmail nokre dagar før vi møtest.

Betaling: Betaling stadfestar påemldinga di og skjer innan 10.09. Vipps til tlf.90570674 eller konto nr. 40602663711 – merk «spasøndag».

Vår yoga- og spashop samt frambod av kashmirsjal vil også vere tilgjengeleg denne søndagen.

 

Dørene opnar kl. 17.30. Velkomen!

 

Everyone welcome.

 

Tina & Merete

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.