#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 18/09/2023
17:00 - 18:30

Kategorier


Velkomen til eit nytt grunnkurs som er tilrettelagt for deg som er ny til yoga. Her blir det undervist i grunnleggande gode yogastillingar som gir meir fleksibilitet, styrke og kjennskap til eigen kropp. Det blir gode pusteøvingarr for å stille sinnet, øve på å merke seg sjølv og finne ny energi. Alle timar blir avslutta med ei god avspenning. Kom som du er, stiv eller mjuk – spelar inga rolle. Yoga passar dei fleste og skal vere ei privat reise samtidig som vi er saman i gruppa og får kjenne på fellesskapet og utvikle oss saman.

Kurset passar for deg som er nysgjerrig på yoga eller ønsker ta opp att eit grunnkurs og utvikle praksisen din i eit roleg tempo.

Vi skal halde til i det «gamle pakkhuset» som har golvvarme. Ta med eiga matte, pute og pledd.

Tid: 18. september kl. 17 – 18.30. Siste kveld er 13.11. Opphald i haustferien veke 41.

Påmelding: Fyll ut bookinga nede på sida her. Di innbetaling av kursavgift stafestar påmeldinga. Påmelding er bindande.

Pris: Kr. 1600,- for 8 gongar. Du kan betale med vipps til tlf.nr. 90570674 (Merete Myklebust) eller kontonr. 40602663711 (merk yoga).

Merete, 1000 t yogalæarutdanning

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.