Dato / tid
Date(s) - 16/01/2023
18:00 - 19:30
Kategorier
Dette er eit fortsetjarkurs frå grunnkurset. Her blir du betre kjent med avspenning og meditasjon og å utforske vegane til nærvær og fordjuping i alt frå yogastillingar til yoga nidra – avspenning. Du vil også få meir kjennskap til fleire pusteteknikkar. Ved sida av å utøve dei klassiske yogastillingane blir det også flytsekvensar som solhilsen mfl.
Yoga har mange gode verknader på kropp og sinn. Mange brukar yoga for å redusere stress, for betre rørsle i kroppen og andre ønsker gjerne få fatt i ei god kjensle av balanse og harmoni.
Plass til 9 stk.
Du tek med eiga yogamatte, pledd og ev. pute.
- Avspenning
- Asanas (yogastillingar)
- Pratyahara (djupe puste øvingar)
- Yoga Nidra (yogasøvn).
Oppstart: Måndag 16. januar – 2023, kl. 18.00 – 19.30.
Datoar: 16.01 – 13.03. 9 gongar totalt. Kjøp 8 eller 9 kveldar.
Opphald veke 8 (vinterferie).
Tapt kurskveld kan takast att på mellomstegkurset kl. 18.00 måndagar eller på yogakurs tirsdagar.
Stad: Meretes garden, Døvingssida 10, Valldal.
Pris: 8 gongar Kr. 1650,-, 9 kveldar kr. 1840,-.
Påmelding: Fyll ut skjema nede på sida her, og du mottek ein velkomstmail. Bindande påmelding ved betaling av kursavgift til vipps mobilnr. 90570674 (Merete Myklebust) innan oppstart. Blir ein hindra i å starte på kurset vil heile beløpet som er innbetalt bli refundert.
Velkomen!
Merete Myklebust
Yogalærar ( 1000 t)
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.