Dato / tid
Date(s) - 04/11/2018
18:00 - 21:00
Kategorier
Gullåna badehus opna 3. november 2018 og har sidan vore flittig brukt til helsefremjande aktivitetar som sauna, spa, terapi, og sosisalt samkvem. Her blir det arrangert ope som private arrangement nesten kvar helg året rundt, og har blitt eit hus med mange fine samankomstar. Gullåna badehus blei opna med kake og vakker musikk og vi markerar i år hendinga med sauna yoga og saltscrubb etterfylt med vanleg saunaopphald både for kvinner og menn. Du får utdelt handduk til å ha på eller sitje på. Sidan vi har privat arrangement her den 3.11 så feirar vi med spa og sauna den 4.11. Eit saunabad har god avslappande verknad på kropp og sinn, produserar endorfinar og gir den gode velvære kjensla.Og ikkje minst er det triveleg og ein kjekk måte å kome saman på i ei mobilfri sone.
NÅR: Søndag 4.11 kl. 18.00 – 21.00
PRIS: Jubileumspris kr. 200,- pr person inkl. 30 min sauna yoga ved 50 C, saltscrub, sauna ved 73 C, snacks, kaffi/te mm.
Påmelding via booking nederst på sida.
Alle velkomne til gjebursdagsfeiring!
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.