Dato / tid
Date(s) - 27/12/2020
18:00 - 20:00
Kategorier
Dette er kvelden for deg som ønsker ei roleg økt yoga med djupe strekk som får kroppen til å sleppe spenningar og vondtar. Du gir bindevevet ei moglegheit til å strekke seg og bli meir elsatisk, kjenne på meir fleksibilitet og bevegelse i kroppen. Fokus blir spesielt på skuldrar, nakke og rygg. Til slutt ei god og lang avspenning. Heile kvelden blir fylt av yogamagi: Damp med deileg duft av eterisk olje, heimelaga sjokolade og ekte chaitè til slutt.
Inviter med ein ven eller famiiemedlem, eller kom berre du. Passar alle uansett erfaring frå før. Her er plass til 7 personar med 1 m avstand mellom mattene. Ta med eit godt pledd, matte og pute (eller sei ifrå om du vil låne).
Tid: 3dje juledag kl. 18.00 – 20.00.
Påmelding: Fyll ut bookinga nede på sida og betal inn deltakaravgift for å stadfeste plassen din. Skulle ein bli sjuk får ein heile beløpet tilbake. Ved avbestilling same dag som arrangementet betalar ein halv pris.
Påmeldingsfrist: Innan 26.12.
Pris/betaling: Kr. 350,- pr person. Vipps tlfnr. 90570674 eller kontonr. 40602663711 – merk «yin».
Velkomen til ein kveld med varme, ro og hygge i tillegg til ei god avspenning av kroppen.
Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.