Dato / tid
Date(s) - 12/12/2021
18:00 - 20:00
Kategorier
0 Bli med på ein magisk kveld fylt med gode vibrasjonar. Du er velkomen til å vere med på ei heilt spesiell oppleving i «Gamlepakkhuset» på garden. Dette blir ein søndag fylt med meditativ væren frå start til slutt. Først guidar Merete deg ein time med yin yoga – gode djupe strekk og pust som får pulsen til å senke seg. Så har vi fått Tina G.Holmeset til å kome med sine gongar og instrument for å halde eit lydbad. Gongbad er lydvibrasjonar som verkar revitaliserande og avslappande på same tid, og verkar djupt meditativt og reinsande. Vibrajonane frå dei handlaga gongane vil resonere med ditt indre medan du ligg på ei mjuk avspenningsmatte av ull og berre tek imot.
Det blir enkel servering av frukt, snacks, kjeks og te før og etter.
Ta med: Ei yogamatte, pledd og ei litt fast pute ev. yogablokk om du har.
TID: Søndag 12.12 kl. 18.00 – 20.00. Dørene opnar kl. 17.30.
PÅMELDING/PRIS: Fyll ut bookinga nedanfor og du mottek ein velkomen mail kort tid etterpå. Du stadfestar påmeldinga di ved å betale deltakaravgift kr. 410,- til vipps mobilnr. 90570674 eller bankkonto nr. 40602663711, merk «yinyoga».
Påmeldinga er bindande. Blir du sjuk eller har symptom på influensa får du heile deltakaravgifta refundert.
Dette blir ein velfortent og avslappande spasøndag – balsamkveld for kropp og sjel.
Alle velkomne – inga forkunnskap i yoga eller gongbad nødvendig.
Tina og Merete
PS!Vi har også lekre såper og spaprodukt i spashopen om du ønsker handle noko nyttig og fint.