Dato / tid
Date(s) - 29/12/2024
04:00 - 07:30
Kategorier
Romjula er fin å bruke til meditasjon og ettertanke, kome saman og ta vare på kropp og sinn med roleg yoga og spa.
Du får vere med på roleg yin/yang yoga og vi tenner mykje lys for å skape stemning og atmosfære. Her blir det meditasjon og djup avspenning. Det blir også enkel servering med surdeigspizzaslice,snacks og varm sjokolade.
Denne kvelden byrjar vi med sauna, litt å ete og drikke før vi går inn i meditativ modus med yin-/yang yoga og meditasjon.
Yin yoga vil hjelpe mot stress og stivheit i kroppen. Yinyoga er rolege, djupe gode yogastillingar som du held i 3-5 minutt slik at bindevev og musklar får tid til å mjuke opp. Vi avrundar timen med hjartemeditasjon og ei god avspenning. Du vil kjenne på ei velgjerande ro, klårne tankane og betre søvnkvaliteten etter endt kveld.
Sauna er ein sosial møteplass og gir ei velfortent pause og den gode kjensla innei. Her kan du la stress og ondtar i kroppen sleppe. Er det snø ute så kan du avkjøle deg med eit snøbad mellom rundane i badstova. Vi fyrer med ved og badstova er stor så du vil garantert like deg her. Ta med ein ven eller to og kom på romjulsspa!
Program:
Kl. 16 – 17.30 sauna og enkel servering av heimelaga surdeigspizza, snacks og varm sjokolade.
Kl. !8.00 – 19.30 Yoga og meditasjon.
Tid: 29. januar kl. 16 – 19.30.
Påmelding: Fyll ut «Booking» nede på sida her og du mottek ein kvitteringsmail. betaling stadfester påmeldinga di. Vipps til #531222.
Pris: Kr. 540,- pr person, inkluderer sauna m/handduk, servering og yoga.
Det er plass til 9 deltakerar så ikkje vent for lenge med å melde deg på.
Alle velkomen.
Merete (yogalærar 1000 t).