Dato / tid
Date(s) - 16/11/2024
03:00 - 06:00
Kategorier
Klangbad, yoga & meditasjon
Med Tina & Merete
Novemberretreat i Valldal
Vi ønsker deg velkomen til ein haustkveld med roleg og djup yogastretch, lysmeditasjon og gongbad her på garden i Valldal. Om du er sliten, stressa og treng meir kvile og ro, eller du søker eit varmt fellesskap og treng fylle på kontoen for velvære – så er dette plassen for deg.
Denne ettermiddagen får du først vere med på djupe og langsomme yogastretch med Merete si trygge og erfarne rettleiing og Tina som held eit meditaivt klangbad i bakgrunnen. Så blir det Tratak – ein vakker lysmeditasjon som reinsar både auge og sinn og verkar godt på søvn og kvile.
Til slutt får du vere med på ein times avslappande reise med vakre, helande og djupe vibrasjonar frå Tina sitt gongspel. Medan du ligg på ei behageleg ullmatte vil tonene gå dit i kropp og sinn du treng hjelp til å frigi blokkering, vondtar eller hele sår. Klangen frå gongar, syngebolle og forskjellege lydkjelder, vil appellere til alle sansar, både sinnet (mentalt og følelsar) og til din fysisiske kropp på same tid.
TID: 16. november kl. 15.00 – 18.00.
STAD: Døvingssida 10.
LÆRARAR: Tina G. Holmeset og Merete Myklebust.
PRIS/PÅMELDING: 570,- pr person.
Fyll ut booking nede på heimesida samt stadfest påmelding ved å betale deltakeravgift til kontonr. 39301943419 (merk spa) eller vipps til #531222 (Merete Myklebust).
Det blir ei lita pause midt i programmet der det blir servert chaitè og litt snacks.
Alle hjarteleg velkomen!
Tina & Merete