Dato / tid
Date(s) - 20/01/2026 - 31/03/2026
18:00 - 19:30
Kategorier
KLASSISK YOGA – OPE NIVÅ
Du er velkomen til å delta på eit kursforløp på 9 kveldar der du kan trene kropp og sinn med velprøvde yogaøvingar som fremjar styrke, smidigheit og ro.
Ein yogatime byr på høve til ta vare på di eiga fysiske og mentale helse, teknikkar du kan ta med ut i kvardagen. Vi har fokus på rolege yogaøvingar (asanas), djupe pusteøvingar (pranajama), og meditasjon og gode avspenningar. Ei yogaøkt vil gje ro, energi og balanse. Yoga er kjent for å redusere stress, verkar godt både for indre prosessar og organ på same tid som for musklar og sener.
Dette er eit ope kursforløp der du kan delta enten du har aldri prøvt før eller har erfaring frå før. Er du heilt ny og ønsker ein kort introduksjon, så kan vi møtast ein time før oppstart den 20.01.
Kurset går over 10 kveldar. Du kan velge delta 9 eller 10 gongar.
TID: 20.1 – 31.3.2026 kl. 18.00 – 19. 30. 90 minutt.
STAD: Stordalshallen, avd. grendasalen i Stordal.
PRIS: Kr. 1950 for 10 g. eller kr 1800,- for 9 g.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her samt betal inn deltakaravgit til Vippsnr. 531222 – yoga. Du vil motta ein velkomenmail og seinare ein informasjonsmail før oppstart.
Når ein har begynt på eit yogakurs blir ikkje innbetalt deltakaravgift refundert. Men det er lov å overføre/gje kurset til ein annan.
Du kan ta att ev. tapte timar på eit av dei andre kursa i yoga som går i same periode.
Du held med yogamatte sjølv.
Alle velkomne!
Merete (1000 t yogalærar)
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.