#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 16/01/2023
19:45 - 21:15

Kategorier


På dette kurset vil det bli undervist i kjente klassiske yogastillingar som fremjar styrke, balanse og smidigheit. Det blir dynamiske seriar (flow) samt enkeltstillingar som vi går djupare inn i. Enten du har etablert ein yogapraksis eller gjer sporadisk yoga så vil du ha utbyte av kurset på 90 minutt, 9 gongar. Eit kurs for å fordjupe og vidareutvikle din yogapraksis:

  • Avspenning
  • Asanas (yogastillingar)
  • Pratyahara (djupe puste øvingar)
  • Yoga Nidra (yogasøvn).

Oppstart: Måndag 16. januar – 2023, kl. 19.45 – 21.15.

Datoar: 16.01 – 13.03. 9 gongar totalt. Kjøp 8 eller 9 kveldar.

Opphald veke 8 (vinterferie).

Tapt kurskveld kan takast att på mellomstegkurset kl. 18.00 måndagar eller på yogakurs tirsdagar.

Stad: Meretes garden, Døvingssida 10, Valldal.

Pris:  8 gongar Kr. 1650,-, 9 kveldar kr. 1840,-. Bindande påmelding ved betaling av kursavgift til vipps  mobilnr. 90570674 (Merete Myklebust) innan oppstart. Blir ein hindra i å starte på kurset vil heile beløpet som er innbetalt bli refundert.

Velkomen!

 

Merete Myklebust

Yogalærar ( 1000 t)

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.