Dato / tid
Date(s) - 13/01/2025
17:00 - 18:15
Kategorier
Yoga er ein anerkjent måte å ta vare på kropp og sinn. Du vil lære gode pusteteknikkar for å roe ned, yogaøvingar for å kjenne deg betre i kroppen og meditasjon for meir klarheit og overskot.
Velkomen til eit kurs i yoga med gode fysiske yogaøvingar, meditasjon, pusteøvingar og avspenning. Du vil lære gode avstressande øvingar, styrke musklar og utvikle deg mentalt som fysisk ved å gjere yoga jevnleg. Du blir betre til å ta vare på deg sjølv, meir fleksibel og mjuk i kroppen samt bygg god styrke for å handtere utfordringar og kvardagslivet. Det er ope nivå, dvs. kurset er tilpassa både deg som nesten ikkje har prøvt yoga til deg som har erfaring frå før. Vinteren er så fin for meditasjon og du får ma.vere med på tratak – lysmeditasjon.
Er du heilt ny til yoga får du to timar med grunnleggjande innføring veka før kurset startar opp, den 15.01.25 kl. 17.00 – 19.00. Du melder deg på i «Booking» og skriv ei melding i kommentarfeltet om du blir med her. Pris: Kr. 250,-.
Eg håper å sjå så mange som mogleg i yogasalen i 2025, nye som kjente fjes.
Du kan velge mellom å kjøpe 8 eller 9 gongar.
TID: Måndagar, 13. januar – 17.mars. 9 gongar. Kl. 17.00 – 18.15. Opphald vinterferieveka.
STAD: Døvingssida 10, Valldal.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her. Samstundes stadfestar du påmeldinga ved å betale deltakaravgift til Vipps #531222 (Merete Myklebust) eller kontonr. 39301943419 (merk «Yoga»). Påmelding er bindande. Du vil motta ein mail som stadfestar bestillinga di.
PRIS: 75 minutt. 9 kveldar kr. 1800,-, eller 8 kveldar . kr 1600,-.
Alle velkomen!
Merete (yogalærar 1000t).
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.