Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 02/05/2017 - 15/08/2017
18:30 - 19:45

Kategorier


KLASSISK YOGA – DROP IN

I mai startar vi opp med yoga for alle her på Døving. Det blir yoga kvar tirsdag framover vår og sommar tom. 15. august.

Det blir fysiske yogaøvinger (asanas), puseteøvingar (pranayamas), dybdeavspenning (Yoga Nidra) og meditasjon frå den klassiske tradisjonen. I klassisk yoga går ein nøye gjennom kvar einskild stilling og har samstundes fokus på pust. Både utøvar og kroppen skal få tid til å kjenne på stillinga og la den verke djupt. Ein vil også repetere enkelte stillingar i eit dynamisk forløp.  Solhilsen er eit døme på ein dynamisk serie av yogastillingar som ein sit saman i ein flow. Når ein arbeider med sinnet i f.eks. meditasjon vil det påverke spenningar i kroppen og vis versa. Vi vil derfor jobbe både med kroppen og eit mindfult sinn slik ein vil kjenne seg ma. meir harmonisk og heil som menneske.

Yoga har mange fordelar alt frå betre balanse, fokus, større klarheit og indre ro. Yoga vil også kunne hjelpe motvirke stivheit og vondtar i kroppen, auke kropps-bevisstheit, kontakt med kropp, sjel og sinn og dermed også sjølvkjensla.

Du treng ingen forkunnskaper for å delta, det skal vere lett for alle å følge instruksjonane.

Vi skal halde til i yogalokale innomhus første halvdel av mai. Etter ein lang vinter inne så flyttar vi ut til fuglesang og elvesus så snart det let seg gjere. Då inntek vi drivhuset eller er ute i hagen, alt etter ver og vind. Yoga tett på naturen gir ein ekstra dimensjon til yoga.

Kjøp klipp eller betal enkelttimar, drop-inn:
NÅR: 02.05 – 15.08.2017

KL.: 18.30- 19.45.

PRIS: Kr. 1500,- for 10 gongar, kr. 1350,- for 9 g, kr. 1200,- for 8 g, kr. 1050,- for 7 g, kr. 900,- for 6 g.

Drop-inn: Kr. 180,- pr. gang.

YOGALÆRAR: Merete Myklebust.

STAD: Meretes Garden.

PÅMELDING: Bruk bookinga her på sida for påmelding og oppgi ant.klipp, send sms til tlf. 90570674 for bestilling av enkelttimar før kl. 17.00.

Velkomen på kurs i hagen vår og sommar.

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.