Dato / tid
Date(s) - 15/01/2020 - 08/04/2020
18:45 - 20:15
Kategorier
På dette kurset vil vi gå djupare inn i stillingane frå grunnkurset. Du vil lære mange yogaøvingar for å halde kroppen smidig og sterk, pusteøvingar og meditasjonar. Utøvelse av yogastillingane vil du forfine og kunne koordinere meir med pusten, merke forskjel mellom stillingar vi held i lenger tid for å forløyse spenningar og trenge ned i muskulaturen, og dei meir lette dynamiske øvingane som gir flyt og energi. Yoga handlar om både å akseptere «nu-et» bli bevisst seg sjølv og sine mønster like mykje som å redusere stress, gi meir ro og harmoni inne i ein. Du vil etter endt kurs også ha eit godt grunnlag for din eigen yogapraksis.
TID: Oppstart veke 3. 15. januar kl. 18.45 – 20.15. Pause veke 6.
STAD: Pi-bygget, 3dje etg. i lokala til RawReklame.
LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t)
PRIS: Det blir 11 kurskveldar før og 4 etter påske. Delta på alle eller så mange du ønsker. Du kan fordele timane utover vinteren, når det passar deg i løpet av dei 15 kveldane. Ein kan også delta i ei av nabobygdene, Stordal eller Valldal.
8 gongar kr. 1500,-. 13 gongar kr. 2200,-.
9 gonger kr. 1650,-. 14 gongar kr. 2350,-.
10 gongar kr. 1750,-. 15 gongar kr. 2500,-.
11 gongar kr. 1900,-.
12 gongar kr. 2030,-.
Drop in kr. 210,- pr time.
BETALING: = sikker plass på kurset. Kontonr. 40602663711, merk #Yoga20″ eller
VIPPS bedrift: «Kjøp og betal», #531222 » Yoga» «antal gonger» «Bekreft» «Betal» og vipps! får du ein grøn V.
Om ein ønsker delta på flest mogleg kveldar, men har behov for å dele opp summen i to innbetalingar er det berre å ta kontakt så ordnar vi det.
Ta med eiga matte, pledd og pute.
Bonus: Du som er med 8 gonger eller meir får 20% på yin yoga kveldane som blir arrangert i Valldal eller Stranda undervegs i kurset.
Velkomen!