Dato / tid
Date(s) - 19/01/2026 - 16/03/2026
17:00 - 18:15
Kategorier
Yoga er ein anerkjent måte å ta vare på kropp og sinn. Du vil lære gode pusteteknikkar for å roe ned, yogaøvingar for å kjenne deg betre i kroppen og meditasjon for meir klarheit og overskot.
Velkomen til eit kurs i yoga med gode fysiske yogaøvingar, meditasjon, pusteøvingar og avspenning. Du vil lære gode avstressande øvingar, styrke musklar og utvikle deg mentalt som fysisk ved å gjere yoga jevnleg. Du blir betre til å ta vare på deg sjølv, meir fleksibel og mjuk i kroppen samt bygg god styrke for å handtere utfordringar og kvardagslivet. Det er ope nivå, dvs. kurset er tilpassa både deg som nesten ikkje har prøvt yoga til deg som har erfaring frå før. Vinteren er så fin for meditasjon og du får ma.vere med på tratak – lysmeditasjon.
Er du heilt ny til yoga får du to timar med grunnleggjande innføring veka før kurset startar opp, den 12.01.25 kl. 17.00 – 18.30. Du melder deg på i «Booking» og skriv ei melding i kommentarfeltet om du blir med her. Pris: Kr. 200,-.
Eg håper å sjå så mange som mogleg i yogasalen i 2026, nye som kjente fjes.
Du kan velge mellom å delta 8 eller 9 gongar.
TID: Måndagar. 19. januar – 16. mars. 9 kveldar. Kl. 17.00 – 18.15. (75 minutt).
STAD: Døvingssida 10, Valldal.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her. Samstundes stadfestar du påmeldinga ved å betale deltakaravgift til Vipps #531222 (Merete Myklebust) «Yoga». Påmelding er bindande idet kurset har starta opp. Du vil motta ein mail som stadfestar bestillinga di.
PRIS: 9 kveldar kr. 1750,-
8 kveldar kr 1600,-.
Når ein har begynt på eit yogakurs blir ikkje innbetalt deltakaravgift refundert. Men det er lov å overføre/gje kurset til ein annan.
Du kan ta att ev. tapte timar på eit av dei andre kursa i yoga som går i same periode.
Alle velkomen!
Merete (yogalærar 1000t).