Dato / tid
Date(s) - 18/01/2025
12:00 - 15:00
Kategorier
Alle elskar pizza, og kva er betre enn den heimelaga varianten? Og pizza av surdeig er i tillegg meir smakfull, sunn og god.
Bakverk av surdeig har mange fordelar og når du først har fått smaken så er det ingen veg tilbake. På dette uhøgtidlege kurset blir du vist korleis du går fram frå A – Å.Surdeig krev litt planlegging og ein god, aktiv startar samt ein god porsjon interesse. Det er mange helsefordelar ved å ete surdeigsbakst framføre vanleg gjærbakst. Du vil lære lage pizzaemne som du kan oppbevare over flerie dagar i kjøleskap eller fryse ned.
Du blir med på:
- Å mate startar rett.
- Å førebu startar til baking.
- Du blir synt korleis lage deiga. Og du får utdelt eit eige pizzaemne klart til utbaking.
- Du lærer korleis trykke ut ein pizza rett, og fylle den med mykje godt innhald.
- Og sjølvsagt ete og kose deg ilag med gruppa.
- Servert te/kaffi og surdeigscookies.
- Du får med oppskrift og framgangsmåte samt ein pizzastartar til eige bruk.
Plass til 6 personar pr gruppe.
TID: Laurdag 18. januar kl. 12.00 – 15.00.
PRIS: Kr. 850,- pr pers.
BESTILLING: Fyll ut «bestilling» nede på sida her og du mottek ei kvittering for påmeldt plass. Du stadfestar bestillinga di ved å betale deltakaravgift til vippsnr. #531222 «Kurs».
SAUNA: Vi kan også fyre opp i badstova. For ekstra kr. 290,- kan du nyte eit par timar i vedfyrt sauna.