Dato / tid
Date(s) - 26/09/2026
10:30 - 17:00
Kategorier
Velkomen til eit vakkert hausteventyr i Valldal, i slutten av september. Her vil du oppleve roleg morgonyoga, zenwalk og meditasjon, ein smakfull vegetarlunsj, yogastretch, yoga nidra-djup avspenning og vedfyrt sauna m/kaldkulp.
Ein heil laurdag der kropp og sinn kan falle til ro, la velvære og endorfinar få plass, er ei nydeleg gåve å gje seg sjølv. Her kan du kome og lade opp batteria, koble ut og nyte den frisk haustlufta og fargane i fjella.
Dette får du oppleve:
- Zen walk i den japanske hagen
- Roleg morgonyoga, yoganidra og yogastretch
- Eit smakfullt måltid og snacs
- Saunabad i ei stor og romsleg badstove. Kaldkulpen er rett utfor døra og blir fylt opp.
Kom sjølv eller saman med likesinna. Du treng inga erfaring med yoga frå før for å delta.
TID: 26. september kl. 10.30 – 17.00.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her. Du får etter kvart tilsendt ei betalingslenke, og betaling stadfestar påmeldinga di.
Blir du hindra i å delta sjølv kan du gie eller selge billetten. Vi kan hjelpe med vidareformidling.Ein kan dessverre ikkje overføre billetten til eit seinare arrangement.
PRIS: Kr 910,- pr person. Handduk/kaffi/te/servering inkludert.
Ønsker du overnatte har vi eit par rom til utleige. Ta kontakt om pris.
Alle velkomen.
Merete (Yogalærar 1000 t)