#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 25/10/2025
10:30 - 16:00

Kategorier


Ønsker du endring eller står du fast i gamle mønster? Treng du hjelp til å finne balansen i deg sjølv? Då vil denne sjølvutviklingsworkshopen passe for deg.

Gjennom bevegelsar, pusteteknikkar, mindfulness og visualisering kan du forsterke dine sjølvhelande kraft, jobbe med din energetiske energi og hjelpe finne inn til meir eigenkjærleik og glede.

Korleis kan du leve meir autentisk  – di største styrke? Korleis kan du starte dagen på ein måte som tek vare på energien din utover dagen? Og vi vil sjå nærare på kva som er best måte å avslutte dagen på og få ein god søvn.

Meditasjon og eigenomsorg mot utbrentheit

Denne laurdagen startar vi med presentasjon av dagen og alle deltakerane. Det blir enkle og rolege yogaøvingar for å mjuke opp kroppen,

Du lærer gode pusteøvingar som reduserer stress og balanserer energien samt meditasjon til å utvide medvitet og finne ro.

Du vil få presentert nokre sjølvreflekterande spørsmål som vi skal jobbe med både skriftleg, muntleg og visuelt for å finne svar og bli meir klår over dine mogleheiter.

Dette blir ein spanande workshop der nytt landskap og innsikt vil opne seg opp for deg. Du vil få litt teori og praktiske oppgåver som vil gje ny innsikt, og vi vil også dele erfaringar,

Ta med:

Notatblokk, fargestiftar, innesko, ledig tøy til enkel yogastrekk og mieditasjon.

Program:

Kl. 10.30 Velkomen.

Kl. 11.00 Mindfulness, yoga, pust/visualisering. Formidling av teori og deling av erfaring rundt tema som eigenomsorg, bryte mønster og utbrentheit.

Kl.13.00 Lunsj og ein beinstrekk.

Kl. 14.30 Eigenomsorg i kvardagen, praktiske oppgåver og meditasjon.

Kl. 16.00 Rundar av, samlar opp høgdepunkt frå dagen og tek farvel.

Det vil vere plass til kun 8 personar på dette arrangementet.

Påmelding: Fyll ut Booking nede på sida her. Du vil motta ei melding som stadfester påmeldinga, og etter litt ein e-post frå meg med praktisk informasjon. Du stadfestar påmeldinga ved å betale deltakaravgift til vipps nr. 531222 – yoga.
Pris: Kr. 730,-.

Merete er utdanna yogalærar, gruppecoach og kropp- og samtaleterapeut og og er inspirert av både vesleg og austleg filosofi og lære. Merete har bygt opp  Meretes Garden med formål å kunne tilby ein plass for uvikling og vekst, og har siste 10 åra helde mange workshop og yogaretreat her. Ho har også facilitert mange sjølvutviklingsretreat saman med andre kunnskapsrike lærarar opp gjennom åra.

Hjarteleg velkomen!

 

Merete Myklebust ( Yogalærar, gruppecoach, psykoterapeut).

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00