#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 31/10/2026
10:00 - 17:00

Kategorier


Retreatdag med balsam for kropp og sinn

Yoga, varm lunsj, djup avspenning og spa

Dette blir ein dag med klassisk yoga, eit varmt vegetarmåltid, rawfoodkake og snacks som vi avsluttar med finsk sauna og kaldkulp. Dagen startar med meditasjon og dynamisk morgonyoga, lunsj og sosialt samvær, Yoga Nidra (ei djup og nydeleg avspenning)- og yin yoga før vedfyrt sauna.

Merete er yogalærar og driv Meretes Garden -.Her har vi vår- og haustretreat samt laurdagsretreat vinterhalvåret. Dette blir ein laurdag der du kan kome og roe ned, kjenne på velvære og ekte glede samt dele eit godt måltid saman med mange kjekke deltakerar.

Merete er utdanna yogalærar, gruppecoach og kropp- og samtaleterapeut med særleg fokus på pust og korleis handsame ondtar i kropp og sinn. Under retreatdagen blir du guida i eit roleg tempo. Hovud og kropp vil følgje kvarandre meir synkront etter kvart, slik at du etter endt dag vil kjenne deg meir i kontakt med deg sjølv. Denne retreatdagen vil passe alle som kjenner seg stressa, har ondtar i kroppen, treng å lære koble ut og ønsker fleire reiskap for å betre søvn og kvile.

Sauna og kaldtbad har god verknad på oss mentalt som fysisk. Opphald her syrkjer Immunforsvaret, ondtar i kroppen redusert, senkar stressnivået og gir ein god endorfinboost. I tillegg til kroppslege verknader er sauna ein fin stad å samtale – lågt og roleg, eller site stille saman. Treng du litt verdifull eigatid? Då vil dette vere staden for deg.

Programmet:

Kl. 10 – 10 30: Registrering og servering av té.

Kl. 10.30: Roleg morgonyoga med djupe strekk, pusteøvingar samt meditasjon.

Kl. 12.30 – 14.00  Lunsj og beinstrekk.

Kl. 14.00: Yoga og Yoga Nidra.

Kl. 15.30 – 17.00 Sauna.

Tid: Laurdag 31.10.

Påmelding: Fyll ut Booking nede på sida her. Så stadfestar du påmeldinga di ved å betale deltakaravgift til #531222 – Spa. Bindande påmelding.

Pris: Kr. 910,- pr person. Maks 10 deltakerar.

Vi har vi to soverom til utleige i badehuset om du treng overnatting.

Alle velkomen!

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00