Dato / tid
Date(s) - 21/02/2026
10:30 - 17:00
Kategorier
Dagsretreat med fokus på pust og avspenning
Yoga, varm lunsj, djup avspenning og spa
Velkomen til ein yoga- og spadag for å stresse ned, puste djupt og hygge deg i vår romslege badsove fylt med gode dufter.
Dette blir ein dag med roleg yoga, meditasjon, eit varmt vegetarmåltid i hyggjeleg lag, meditasjon, yinyoga og yoga nidra- ei djup og nydeleg avspenning før vi rundar av dagen i ei stor og herleg sauna.
Vi skal ha særleg fokus på å ha pusten med som eit reiskap i frigjeving av kroppslege som mentale blokkeringar. Roleg pust har god verknad på vår energibalanse, essensiell for å merke ro og kjenne deg meir heil og klår mm.
Merete er yogalærar og driv Meretes Garden – eit retreatsenter med eit lekkert badehus. Her er du hjarteleg velkomen til ein laurdag der du kan kome og roe ned, kjenne på velvære og ekte glede samt dele eit godt måltid saman med mange kjekke deltakerar.
Du vil bli guida inn i yogastillingane i eit roleg tempo slik at du får god tid til å kjenne etter, og merke deg sjølv. Hovud og kropp vil følgje kvarandre meir og meir iløpet av dagen, du senkar skuldrane, blir jorda og kviler meir i deg sjølv.
Denne retreatdagen vil passe alle som kjenner seg stressa, har vondtar i kroppen, treng å lære koble ut eller berre vil fylle på kontoen for eigenkjærleik og velvære.
Sauna har god verknad på oss mentalt som fysisk. Immunforsvaret blir styrka, vondtar i kroppen redusert, senkar stressnivået og gir ein god endorfinboost. I tillegg til kroppslege verknader er sauna ein fin stad å samtale – lågt og roleg, eller site stille saman. Treng du litt verdifull eigatid? Då vil dette vere staden for deg.
Programmet:
Kl. 10 30: Dørene opnar, servering av té.
Kl. 11.00: Roleg morgonyoga med mange gode pusteøvingar samt meditasjon.
Kl. 13.00 – 14.30 Lunsj og beinstrekk.
Kl. 14.30: Yin yoga og yoga nidra – avspenning
Kl. 15.30 – 17.00 Sauna.
Tid: Laurdag 21.02.2026.
Påmelding: Fyll ut Booking nede på sida her. Du stadfestar du påmeldinga di ved å betale deltakaravgift via ei tilsendt lenke.
Bindande påmelding. Ved sjukdom eller anna som kan kome i vegen kan vi hjelpe til å selge ubrukt billett.
Pris: Kr. 880,- pr person.
Maks 9 deltakerar.
Alle velkomen!
Merete – klassisk yogalærar, 1000 t