Dato / tid
Date(s) - 15/02/2025
10:00 - 17:00
Kategorier
Retreatdag med balsam for kropp og sinn
Yoga, varm lunsj, djup avspenning og spa
Du er velkomen til å delta på ein velgjerande yoga- og spadag med påfyll for kropp & sinn.
Treng du litt verdifull eigatid eller ein digital detox? kven gjer ikkje det? – Då vil dette vere staden for deg. Kom og unn deg ein heil dag med roleg yoga, eit varmt vegetarmåltid, rawfoodkake og chaitè, finsk sauna og snøbad, meditasjon og yoganidra- ei djup og nydeleg avspenning. Med andre ord, ein dag for å fylle på med alt kropp, sinn og sjel lengtar etter. Hit kan du kome akkurat som du er og bli møtt med eit ope hjarte.
Denne laurdagen kan du kan kome roe ned, kjenne på velvære og ekte glede samt dele eit godt måltid saman med mange kjekke deltakerar. Du vil bli guide i eit roleg tempo slik at du gjer yoga som passar din kropp og ståstad best. Hovud og kropp vil bli meir forent slik at du etter endt dag vil kjenne deg meir i kontakt med deg sjølv, med senka skuldrar, jorda og i flytsona. Denne retreatdagen vil passe alle som kjenner seg stressa, har ondtar i kroppen, treng å lære koble ut og ønsker fleire reiskap for å betre søvn og kvile. Sauna og kaldbad har god verknad på oss mentalt som fysisk. Immunforsvaret blir styrka, vondtar i kroppen redusert, senkar stressnivået og gir ein god endorfinboost. I tillegg til kroppslege verknader er sauna ein fin stad å samtale – lågt og roleg, eller site stille saman.
Saman vil vi denne laurdagen finne intensjonen med dagen, skape eit rom der vi kan dele erfaringar, kunnskap, og tenne gnistrar og bygge energi gjennom energetiske øvingar og roleg yoga.
Meretes Garden – eit retreatsenter med yoga, sauna og overnatting. ein stad der alle som ønsker kan kome for å roe ned, vekse og utvikle seg. Merete er utdanna yogalærar, gruppecoach og kropp- og samtaleterapeut med særleg fokus på pust og korleis handske vondtar i kroppen.
Programmet:
Kl. 10 – 10 30: Registrering og servering av té.
Kl. 10.30: Roleg morgonyoga med djupe strekk, pusteøvingar samt lysmeditasjon.
Kl. 12.30 – 14.00 Lunsj og beinstrekk.
Kl. 14.00: Yoga og yoga nidra.
Kl. 15.30 – 17.00 Sauna.
Tid: Laurdag 15. februar.
Påmelding: Fyll ut Booking nede på sida her. Så stadfestar du påmeldinga di ved å betale deltakaravgift til #531222 eller til bankkontonr. 39301943419 (merk: yoga). Bindande påmelding, dvs. skulle du verte hindra i å kome av ein grunn så sørger du sjølv for å gje vekk eller selge billeten din.
Pris: Kr. 890,- pr person. Maks 10 deltakerar. Retreatlaurdagar blir ofte raskt selt ut så ikkje vent for lenge med å melde deg på om det freistar vere med. Plass til 10 deltakerar.
Første mann/kvinne til mølla. Alle velkomen!
Har du lyst å overnatte denne helga, eller andre tider, har vi to soverom til utleige i badehuset.
Hjarteleg velkomen.
Merete (Yogalærar 1000 t)
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.