#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 25/01/2025
10:00 - 17:00

Kategorier


Retreatdag med balsam for kropp og sinn

Yoga, varm lunsj, djup avspenning og spa

Du er velkomen til å delta på ein yoga- og spadag for å styrke kropp og sinn.

Dette blir ein dag med klassisk yoga, eit varmt vegetarmåltid, rawfoodkake og chaitè/kaffi, finsk sauna og kaldkulp, meditasjon og yoganidra- ei djup og nydeleg avspenning. Merete er yogalærar og driv Meretes Garden – eit retreatsenter med eit badehus som er 7 år i haust. Det markerer vi med ein laurdag der du kan kome og roe ned, kjenne på velvære og ekte glede samt dele eit godt måltid saman med mange kjekke deltkerar.

Merete vaks opp, reiste ut, og kom tilbake og tok sjangsen på å følgje hjartet ved å etablere eit retreatsenter der alle som ønsker kan kome for å roe ned, vekse og utvikle seg. I tillegg er det ein fin ferieplass, med glampingtelt sommarstid. Har du lyst å overnatte denne helga, eller andre tider, har vi to soverom til utleige i badehuset.

Merete er utdanna yogalærar, gruppecoach og kropp- og samtaleterapeut med særleg fokus på pust og korleis handske vondtar i kroppen. Du vil bli guide i eit roleg tempo slik at du gjer yoga som passar din kropp og ståstad best. Hovud og kropp vil bli meir forent slik at du etter endt dag vil kjenne deg meir i kontakt med deg sjølv, med senka skuldrar, jorda og i flytsona. Denne retreatdagen vil passe alle som kjenner seg stressa, har ondtar i kroppen, treng å lære koble ut og ønsker fleire reiskap for å betre søvn og kvile.

Sauna og kaldbad har god verknad på oss mentalt som fysisk. Immunforsvaret blir styrka, vondtar i kroppen redusert, senkar stressnivået og gir ein god endorfinboost. I tillegg til kroppslege verknader er sauna ein fin stad å samtale – lågt og roleg, eller site stille saman. Treng du litt verdifull eigatid? Då vil dette vere staden for deg.

Programmet: KL. 10 – 10 30: Registrering og servering av té.

Kl. 10.30: Roleg morgonyoga med djupe strekk, pusteøvingar samt meditasjon.

Kl. 12.30 – 14.00  Lunsj og beinstrekk.

Kl. 14.00: Yoga og yoga nidra.

Kl. 15.30 – 17.00 Sauna.

Tid: Laurdag 25. januar.

Påmelding: Fyll ut Booking nede på sida her. Så stadfestar du påmeldinga di ved å betale deltakaravgift til #531222 eller til bankkontonr. 39301943419 (merk: yoga). Bindande påmelding.

Pris: Kr. 888,- pr person. Maks 10 deltakerar. Retreatlaurdagane blir ofte raskt selt ut så ikkje vent for lenge med å melde deg på og det freistar vere med. Første mann/kvinne til mølla.

Alle velkomen!

Bookings

Billetter

Billettype Plasser
Standard Ticket
Standard Ticket

Registration Information

Booking Summary

Please select at least one space to proceed with your booking.