Dato / tid
Date(s) - 12/06/2022
18:00 - 20:00
Kategorier
Vi ønsker å ta deg med på ei meditativ og velgjerande reise i kropp og sinn gjennom djupe gode yinyoga stretch til vibrerande tonar frå eit lydbad.
treng du å koble ut, lade opp, senke skuldrane og finne meir klarheit? Yoga og finstemte samansetningar av særleg utvalgte handlaga instrument har god og djup effekt på oss. I yinyoga foregår alle øvingar liggande nede på matta og ein held enkle stillingar i 3-5 minutt slik at spenningar og vondtar i kroppen kan løyse opp og transformere både kropp og sinn. Saman med delikate og utfordrande lydar og vibrasjonar vil du oppleve både mental og kroppsleg heling.
Dette blir ein magisk søndag som du berre må få med deg og siste arrangement før sommaren. Vi skal halde til i drivhuset, tett på naturen – midt i alle elementa.
Etter endt lyd- og yogaspa er du velkomen til å site ned ein koppe te, nyte stunda i hagen eller snaske litt sunn snacks – berre la godkjensal frå kvelden få senke seg i heile deg.
TID: Søndag 12. juni kl. 18.00 – 20.00.
PÅMELDING: Via lenka nede på sida her. Bookings. Du betalar samstundes deltakaravgift for å stadfeste påmeldinga di. Kr. 430,- til vipps nr. 90570674.
TA MED: Mjuke, varme klede og sokkar samt ledig tøy til yoga.Ei yogamatte, fast pute, ev. korkklossar, pledd. Gjerne også augepute til avspenning.
Vel møtt til siste arrangement i hagen før somamren!
Tina og Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.