Dato / tid
Date(s) - 11/02/2023
10:00 - 17:30
Kategorier
Lite løner seg meir enn å ta vare på kropp, sinn og sjel. Difor ønsker eg deg velkomen til ein heil dag med yoga, god mat og spa der du kan stresse ned, puste ut og jobbe fysisk med kroppen din. Set av heile laurdag 11. februar til egenpleie der du vil fylle opp «batteriet» og kontoen for indre ro og klarheit.
Vi startar dagen med eit roleg ryggprogram og meditasjon og sit saman intensjonen med dagen. Så et vi ein annleis lunsj som vil bestå av heimelaga lunsjvaffel, smoothie og krydra chai té før vi fortset med gode yogastrekk for heile kroppen. Du vil merka auka fleksibilitet og avspenning i kroppen. Etter ei lita pause blir det ei økt med litt meir dynamisk og energetisk yoga som vil tilføre meir energi og rørsle. Vi avrundar med ei god lang yoga nidra avspenning.
Den som ønsker kan så vere med i vår store fine badstove og verkeleg la kropp og sinn få hente seg inn. Vi fyller opp med kaldt vatn i badekaret, for å kunne veksle mellom varme og kulde og få ei god utsveitting i gong. Sauna stimulerer blodomlaupet, styrkjer immunforsvaret, produserer velgjerande endorfinar og ein kjenner på eit godt velbehag etterpå. Saunabadet er som ein velgjerande peeling og huda di vil kjenne ekstra mjuk og glatt ut etterpå. Vi har epsomsalt og sukkerscrub som kan nyttast for å peele og toppe spadagen.
Merete er utdanna klassisk yogalærar frå Yogaprosess AS og har ei holistisk psyokoterapiutdanning med fokus på kropp, hjarte og sjel. Intensjonen både i si yogaundervisning og terapiarbeide er å arbeide med heile menneske – både kropp, sind og ande, basert på vår kultur og natur.
Når vi tillet energien å bevege seg fritt på alle plan – fysisk, emonsjonelt og spirituelt, vil vi alltid kome tilbake i balanse.
Timeplan:
KL. 10.00 Oppstart, presentasjon og litt samtale rundt kvardagsstress og helse.
Kl. 10.30 – 12.00: Ryggprogram og meditasjon.
Kl. 12 – 13.00 Pause og lunsj.
Kl. 13.00 – 13.45 Yogastrekk
Kl. 14.00 – 15.30 Dynamisk yoga og yoga nidra.
Ca. kl. 16- 17.30 Sauna.
Anten du har yogaerfaring eller ikkje frå før vil du ha stort utbyte av denne yogalaurdagen der vi legg vekk mobilen og har fokus og bevisstheit på oss sjølve. Du vil kjenne deg utkvilt og avslappa, meir fleksibel i og kontakt med kroppen. Du vil også bli meir besvisst din livsstil, hjelp til din yogapraksis og støtte til livsstilendringar du ønsker deg.
Tid: 11. februar kl. 10.00 – 15.30
Stad: Meretes Garden, Valldal
Yogalæarar: Merete Myklebust (1000 t).
Påmelding: Fyll ut booking nede på sida her. Du mottek så ei stadfestng samt ein velkomenmail. Så betaler du deltakaravgift til vipps nr. 90570674 eller kontonr 40602663711 ( merk retreat). ved sjukdom vil heile beløpet bli betalt tilbake. Elles bindande påmelding.
Pris: Kr. 790,- for yoga og lunsj. Kr. 990,- for yoga, lunsj og sauna m/frukt/snacks.
Overnatting: Vi har plass til 6 personar om det er ønske om å overnatte. Sjølvbeteningskjøkken til å lage seg mat på. Pris: Kr. 600,- pr pers. pr natt.
Alle hjarteleg velkomen.
Merete (1000 t)