Dato / tid
Date(s) - 18/03/2023
10:00 - 17:30
Kategorier
Velkomen til ein helse- og velværedag i rolege omgivelsar med yoga og spa i Valldal
Har du hatt eit fint 2023 til no?
På vårt retreat i mars kan du nyte spa og kunne sjå fram til ein heil dag med total avkobling og næring for kropp og sjel – få ny energi for å møte morgondagen, Kom enten sjølv eller sammen med nokon du er glad i. Dagen blir fylt opp av yoga, god og sunn mat, sauna og spa. Denne laurdagen vil passe for alle. Merete er ein erfaren yogalærar som vil tilpasse øvingane til den enkelte i gruppa. Ein dag med fordjuping i yoga og spa gir kropp og sinn tid til å koble ut det vandte liv og gje nye perspektiv, meir energi og du vil merke auka fleksibilitet og avspenning i kroppen.
Yoga
Vi startar dagen med eit roleg program for hofte/skuldrar/nakke, gode pusteøvingar og meditasjon for å hjelpe roe ned og mjuke opp. Saman sit vi intensjonen med dagen. Vi nyt så ein god lunsj saman – ei smakfull vegetarsupe. Det blir ei god pause, og kanskje luftetur, før vi fortsette med Yoga Nidra – ei djup og lang avspenning.
Kva er yoga godt for? Yoga aukar konsentrasjonsevna, fleksibilitet og fører samtidig til velvære ved at stresshormon blir bytt ut med velværehormon som t.d. oxytoksin, det same hormonet som blir utskilt ved forelskelse, berøring og når vi på ymse vis nyt livet.
Det blir også gode yogastrekk for heile kroppen samt litt meir dynamisk og energetisk yoga, ma. solhilsen.
Spa
Vi fyrer opp i vår store fine badstove der du verkeleg kan la kropp og sinn få hente seg inn. Sauna stimulerer blodomlaupet, styrkar immunforsvaret, produserer velgjerande endorfinar og ein kjenner på eit godt velbehag etter endt opphald. Saunabadet er i tillegg som ein velgjerande peeling og huda di vil kjennest ekstra mjuk og glatt. Du får utdelt ei badekåpe og kan krølle beina opp i ein sofa eller nyte utsikta oppe i vårt vesle avslappingstårn mellom rundane i badstova. Vi har epsomsalt og sukkerscrub som kan nyttast for å peele og toppe spadagen. Vi spanderer også på oss ei ansiktsmaske. Du fortener heilt sikkert ei god pause frå kvardagen til å hente deg inn og samle overskot, møte andre og ta vare på eiga helse – difor er spatid verdifull investert tid.
Det blir servert smoothie og krydra chaité samt snacks.
Varmen som utvider blodkarene reduserer muskelspenninger og aktiverer svettingen. En dusj eller et bad i kaldt vann får nervesystemene til å reversere prosessen, blodkarene trekker seg sammen og pulsen normaliseres. Resultatet er en utrolig følelse av friskhet og velvære. – The Well
Vertinna
Merete vil ta imot deg og guide deg gjennom dagen. Merete er utdanna klassisk yogalærar frå Yogaprosess AS og har ei holistisk psyokoterapiutdanning med fokus på kropp, hjarte og sjel i sitt arbeid, med bagrunn i både vestleg psykologi og visdomstradisjonar frå østen. Intensjonen i både si yogaundervisning og terapiarbeide er å arbeide med heile menneske – både kropp, sinn og ande, basert på vår kultur og natur. Å møte menneske der dei til ei kvar tid er, er viktig – mentalt som kroppsleg.
Dette får du med deg
- Yoga
- Sauna
- Spa
- Lunsj
- Snacks/grøn smoothie/te
Timeplan:
Kl. 10.00 Oppstart, presentasjon og sette ein intensjon for dagen.
Kl. 10.30 – 12.00: Yoga og meditasjon.
Kl. 12.00 – 14.00 Pause og lunsj.
Kl. 14.00 – 15.15 Yoga Nidra og yoga
Ca. kl. 15.30- 17.30 Sauna og spa.
Enten du har yogaerfaring eller ikkje frå før vil du ha utbyte av denne yogalaurdagen der vi legg mobilen vekk og har fokus og bevisstheit på her og no og di utvikling. Du vil garantert kome inn i eit behageleg flyt-modus i løpet av dagen, ta med yoga- og loungeklede! Etter endt yoga & spadag vil du kjenne deg utkvilt og avslappa, meir fleksibel og i kontakt med kroppen. Du vil også bli meir besvisst din livsstil, få hjelp til din yogapraksis og støtte til livsstilsendringar du ønsker deg.
Tid: 18. mars kl. 10.00 – 17.30.
Stad: Meretes Garden, Døvingssida 10, Valldal
Yogalæarar: Merete Myklebust (1000 t).
Påmelding: Fyll ut booking nede på sida her. Du mottek så ei stadfestng samt ein velkomstmail. Så betalar du deltakaravgift til vipps nr. 90570674 eller kontonr 40602663711 ( merk retreat) for å stadfeste bestillinga di. Ved sjukdom vil heile beløpet bli betalt tilbake. Elles bindande påmelding.
Vi har plass til 9 personar, så her er det første mann/kvinne til mølla.
Pris: Kr. 1090,- alt inkludert.
Overnatting: Vi har plass til 6 personar om det er ønske om å overnatte. Vi har sjølvbeteningskjøkken til å lage seg mat på. Kr. 600,- pr. person.
Hjarteleg velkomen
Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.