Dato / tid
Date(s) - 05/02/2025 - 26/03/2025
10:00 - 11:15
Kategorier
Vi startar opp eit nytt parti med roleg og velgjerande morgonyoga. Onsdagar kl. 10.00 – 11.15 er du velkomen til å vere med på avspenning, pusteøvingar, yoga og meditasjon. Dette er eit opent nivå så ingen førkunnskap nødvendig. Yogaøkta blir på 75 minutt med varierte yogaøvingar; gode strekk, yogaøvingar – som vil gjere godt for heile kroppen, pusteøvingar – som frigjer spenningar, får opp energien og gir ro. Mindful meditasjon og god avspenning.
Yoga er vitenskapeleg påvist ha god verknad på vårt stressnivå, verke beroligande og kunne gi meir energi. Dessutan vil kjenne seg meir klår og opplagt etter ei yogaøkt. Vi jobbar like mykje mentalt som fysisk i yoga sidan kropp og sinn høyrer saman samt påverkar kvarandre. Yoga betyr «unity» – altså å føre saman – kropp, sinn og sjel. Meditasjon og avspenning hjelper deg sortere og klårne sinnet. Du vil kunne merke auka medvit og dermed få hjelp til å bryte vanar som ikkje er teneleg.
Du vil lære:
- Gode øvingar for balanse, styrke musklar og auka fleksibilitet i heile kroppen.
- Friare pust og kjenne deg meir avslappa i kropp og sinn.
- Meditasjonar for roleg og klårt sinn.
- Djup avspenning.
Ta med deg yogamatta og kom for ein god start på dagen:). Du kan velge mellom å kjøpe 6 eller 8 gongar.
TID: Onsdagar, 8 gongar, kl. 10.00 – 11.15. Frå 5. februar til 26. mars.
PÅMELDING: Fyll ut «Booking» nede på sida her samt stadfest påmeldinga di ved å betale deltakaravgift til vippsnr. #531222.
Påmelding er binande når du har betalt deltakaravgifta.
PRIS: Kr. 1520,- for 8 x 75 minutt. 6 gongar kr. 1200,-. Drop in kr. 230,- pr time.
Alle velkomne.
Merete – yogalærar