#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 27/11/2024
10:00 - 11:15

Kategorier


Endeleg, no kan du starte dagen med ei velgjerande morgonøkt yoga. Onsdagar kl. 10.00 – 11.15 er du velkomen til å gjere mjukgjerande yoga, 4 gongar før og 4 etter jul. Det er opent nivå så ingen førkunnskap nødvendig. Det vil vere mange gode strekkøvingar, dynamiske yogaøvingar som vil gjere godt for heile kroppen, pusteøvingar som vil få opp energien og skape ro innei, stille meditasjon og gode avspenningar.

Yoga har god påverknad på vårt stressnivå, verkar roande og gir energi. Vi jobbar like mykje mentalt som fysisk i yoga. Meditasjon og avspenning hjelper deg sortere og klarne sinnet. Du vil merka auka medvit og få hjelp til å bryte gamle vanar.

Du vil lære:

  • Gode øvingar for balanse, styrke musklar og auka fleksibilitet i heile kroppen.
  • Friare pust og meir avslappa i kropp og sinn.
  • Meditasjonar for roleg og klårt sinn.
  • Djup avspenning.

Ta med deg yogamatta og kom for ein god start på dagen:).

Sauna – etter yoga:

Sauna er ein god kombinasjeon med yoga. Om du ønsker kombinere dei begge blir det høve med eit tillegg på kr. 150,- i prisen, pr. gong.

Saunabad stimulerer produksjon av endorfinar, har ei avslappande verknad, senkar blodtrykket, betrar immunforsvaret, drep virus mm. Om du ønsker kombinere dei begge blir det høve med eit tillegg på kr. 150,- i prisen, 1,5 t.

PS! Går du på eit av dei andre kursa i hast eller vinter får du 10 % avslag.

TID: 27/11, 4/12,11/12,18/12,8/1,15/1,22/1,29/1.

PÅMELDING: Fyll ut «Booking» nede på sida her samt betal deltakaravgift til vippsnr. #531222.

PRIS: Kr. 1520,- for 8 x 75 minutt. Drop in kr. 240,- pr time.

 

Velkomen!

 

Merete (yogalæarar 1000t).

 

 

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00