#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 15/11/2019
18:00 - 22:30

Kategorier


Likar du god mat, nyte litt livet og samstundes ta vare på helsa di? Vi inviterer til ein uformell hyggekveld som kan lyse opp seinhausten med yoga, ekte god thaimat og sauna. Fredag 15. november kan du kome som du er og vere med på avslappande yoga med Merete, prøve deileg thaimat laga av Supee på Tafjordnaustet samt ta saunabad. Kom berre du eller ta med ein ven eller kollega, her blir du garantert raskt ein av gjengen og vil treffe mange hyggelege personar. Kanskje er du ikkje så interessert i julebord og vil heller ha ein kveld med litt innhald? Det blir heimelaga is til dessert og smoothie ut på kvelden. Dessutan er det gode tilbod på Asquiths yoga- og fritidsklede av bambus og økologisk bomull denne kvelden, og vi har den populære kaffi- & honningmaska frå Geiranger til sal. Kanskje finn du noko som kan vere ei fin gåve?

Denne kvelden vil gi deg:

  • Avslappande yoga kl. 18-19.00.
  • Servering av ekte thaimat samt heimelaga is m/kaffi kl. 19.15. Du kan velge frå 3 forskjellege rettar basert på kylling, svinekjøt og grønsaker.
  • Gå i vedfyrt sauna ca. kl 20.30 – 22.30. Lær korleis få godkjensla som varer lenge av å gå i sauna.
  • Gode tilbod på haustkolleksjonen frå Asquith samt spashopen er open. Du kan betale med kort og Vipps.

PRIS: Kr. 730,- pr person.

PÅMELDING: Fyll ut bookinga nederst på sida og sikre deg plass/stadfeste påmedlinga di ved å betale inn deltakaravgifta (er refunderbar ei veke før arrangementet). Etter 8.11 er påmeldinga bindande. Vipps bedrift; «Kjøp og betal» i menyen, Nr. 531222 (Merete Myklebust), velg «Eksotisk hyggekveld» «legg i handlekurv» «Betal».

Plass til 12 stk. så ikkje drøy an for lenge;)

Velkomen!

Supee og Merete

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.