Dato / tid
Date(s) - 29/12/2019
19:00 - 22:00
Kategorier
Tradisjonen tru fyrer vi opp i vår store vedfyrte badstove ein av dei siste kveldane i året slik at du kan kome lauge og sveitte av deg gamleåret med juleribbe, stress og mas. Vi tek fram bjørkeriset så den som vil kan masere og reinske seg litt ekstra. På badet kan ein ta ein skrubb med epsomsalt eller gi kvarandre ei kald og hjelpande hand ved å helle kaldt vatn, ein ekte «kalddusj», som motpol til oppvarminga i badstova. Sjølvsagt blir det også snøbad! Det blir servert velkomstdrikk, kaffi/te og litt snacks å bite i utover kvelden. Ta med ein ven eller venninne, svigermor eller kom berre du for å slappe av i uhøgtidlege omgivelsar. Handduk inkludert i prisen, men ta gjerne med ein ekstra sjølv.
Prøv vår populære kaffi & honningscrubb frå Geiranger. Denne er saman med andre naturbaserte spa produkt til sal. Også gode tilbod av berekraftige yoga – og fritidsklede av bambus frå Asquith.
PRIS: Kr. 280,- pr pers. inkl. servering og 1 handduk. Par kr. 500,-.
Ekstra handduk kr. 50,-. Badekåpe kr. 60,-.
Alle velkomne.
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.