Dato / tid
Date(s) - 30/12/2018
18:00 - 21:00
Kategorier
Vi gjentek suksessen med nyttårs sauna for å sveitte årets siste stress og mas ut og bli «som ny» til det nye året. Vår vedfyrte sauna vil halde +70C og er open for både kvinner og menn. Dette blir ein uhøgtidleg kveld der du kan kjenne den gode varmen spreie seg langt inni ryggrada, kjøle deg ned i kaldpulpen (badekaret) eller ute i snøen. Det blir sett fram epsomsalt slik at ein kan ta ein god og mineralgivande kropps scrub. I tillegg vil vertinna prøve seg på litt aromaduftande saunarituale. Serveringar av forfriskningar, sunt/søtt/salt snacks samt kaffi/te. Du får utdelt handduk til både å ha i sauna og etterpå.
NÅR: 30.desember kl. 18.00 – 21.00
PRIS: kr. 300,- pr. person. Kr. 500,- for par samt forelder/born
Påmelding via bookinga under.
Alle velkomne til ein skikkeleg herleg saunakveld!
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.