Dato / tid
Date(s) - 29/12/2017
17:00 - 21:00
Kategorier
Kva er meir naturleg enn ein tur i ei varm badstu som avslutning på året? Reins kropp og sinn for stress og forureining og møt årsskiftet avslappa og ny. Velkomen til nyttårsspa i badehuset her på Døving fredag 29. desember frå kl. 17.00 – 21.00. Badstua er handsnikra og eit smykke i seg sjølv, med vedfyrt oppvarming gir opphald i badstua ei særleg god oppleving. Det er to dusjanlegg og eitt badekar tilgjengeleg og ein vekslar mellom å vere i den varme badstua og kald dusj eller site ute i det fri. Snøbad er mange sin favoritt for nedkjøling.
Om ikkje sauna er freistande kan du ta fotbad eller berre slappe av i tårnet eller i loungen til vedfyrt peisild. Ein kveld for å hygge seg i varmen innanfor som utanfor saunaen.
Servering av varm og kald drikke, både sunn, salt og sukkerhaldig snacks, fingermat inkludert i billetten.
Du bestemmer sjølv kor lenge du blir, men ønskeleg at så mange påmeldte som råd er møter opp innan kl. 19.00 for då har vi ein kort og uhøgtidleg nyttårs-quiz! Premie sjølvsagt.
Pris: Kr. 350,- inkl. handduk ev. badekåpe, heimelaga snacks, kaffi/te/gløgg. . Betaling ved inngangen.
Alle velkomne.
» Lukk augene, opne opp sansane – Stig inn i varmen. Føl tankane dine klarne og nyt roa som sprer seg gjennom kroppen. Musklane slappar av og spenningar smeltar vekk. Tankane dine vandrar, draumane dine blir verkelege. I varmen blir det som er sant meir tydeleg og opnar opp inn til ditt indre.»
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.