#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 19/11/2022
11:00 - 14:00

Kategorier


Velkomen til ein gratis prøvetime med yoga. Denne laurdagen ønsker vi deg som er nysgjerrig på yoga skal få prøve litt utan å kjøpe eit heilt kurs. Mange har høyrt alle fordelane ved å gjere yoga jevnleg, kanskje har du ein famiiemedlem eller ven som har opplevd yoga er ein god måte å bruke kroppen sin på, stresse ned, finne ro, bygge styrke og fleksibilitet. Det er mange grunnar til å prøve ut yoga, og passar alle som har generell god helse og fysikk frå før. Det aller viktigaste med yoga er å trene kroppsbevisstheit, merke seg sjølv og utføre yogastilllingane deretter.

Yoga er ei motvekt til det tempoet mange kjenner på i kvardagen og ein god måte å koble ut jobb og fylle på med ny energi. Ein time med yoga inneheld gode pusteøvingar og avspenning samt meditasjon ved sidan av asanas- fysiske yogastilllingar.

Eit kurs for vaksne er frå 15 år og oppover. Er det mange ungdomar som ønsker starte på eit kurs opprettar eg eit eige kurs for dykk med oppstart medio januar.

Tid: Klassisk yogatime kl. 11.00 – 12.00.

Det blir også ein prøvetime med yinyoga og ei djup lang avspenning, Yoga Nidra. Dette er ei meditativ økt med djupe strekk som ein held i ca. 3-5 minutt og avsluttar med ei lang og god avspennin. Her kan alle som har eller ikkje har erfaring med yoga vere med.

Yin yoga og yoga nidra: Kl. 12.30 – 13.30.

Vi har te og kaffi i maskina på badehuset som de er velkomen til å nytte og ta ein prat saman eller med meg, før eller etter timen.

Badehuset er 5 år i haust og det er kjekt om mange som aldri har vore her før tek turen også.

Vi har yoga i det som før var gamlepakkhuset. Her er det no varme i golvet og er eit godt yogarom. Ta gjerne med eiga matte, elles har vi til utlån.

Påmelding: e-mail life@meretesgarden.no. Merk kva gruppe du ønsker vere med.

Dette er eit gratis tilbod. Eit typisk kurs på 8 gongar som blir køyrt haust og vinter kostar kr. 1650,- pr person.

Håper å sjå deg.

 

Merete