Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 03/04/2020 - 13/04/2020
18:00 - 21:00

Kategorier


I tråd med myndigheitene sine reglar fyrer vi opp badstova kun for små grupper på maks 5 personar (som høyrer til same hushald).

Sauna er ein herleg avslappa stad å vere sosial saman. Sidan teperturen er 70-80 C er det også ein virusfri stad å opphalde seg.

Påmelding: Send ein sms til 90570674 eller mail til life@meretesgarden ev. pm på fb min. 3 t før du kjem. Betaling på vipps = stadfesting av bestilling.

Pris:
2 personar Kr. 700,-
3 – 5 personar Kr. 1000,- for 3 timar.
Vippsnr. 531222

Du kan kome og nyte alle helseaspekt sauna gir: Betre immunforsvar, avgifting, blodomlaup, velvære, peeling mm. Du vil i tillegg kjenne deg meir avslappa og rein enn på lenge.

Inkludert i prisen: Handduk (vaska på vakseri 90 C), frukt, te/kaffi.
Det er såpe og shampoo i dusjen.

Ta med eige badetøy.

Vi tek ekstra omsyn til reinhald så lenge covid-19 er i omløp.

Ved ankomst:
Vask eller desinfiser hender på wc/i entreen.
Bruk kun handdukar du får utdelt i spaet.

Saunareglar:
– Ta ein kjapp dusj før du går inn.
– Sit alltid på ein handduk.
– Drikk ofte vatn, og ikkje sit lenger i saunaen enn det kjennest ok.
– Avkjøl deg mellom opphald i saunen (kald dusj/snøbad/ut på troppa/kalddusj m/kar)
– Snakk med låg stemme i saunaen og unngå politikk og religion.

«Boost your vibes & resist any virus»

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.