#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 26/03/2021
18:00 - 21:00

Kategorier


I trygge omgjevnader kan du kome og roe ned med yoga og sauna idet påska gjer sitt inntog. Ein lang vinter med mange reglar og påbod kan slite på ein og gje stress og vondtar i muskulaturen. Med roleg mjuk yoga og avspenning kan du kome denne fredagen og kjenne på velvære. Etter yogaøkta går vi i ei vedfyrt sauna for å reingjere kropp og sinn. Snør eller regnar det ute blir det berre herleg! Vi kjøler ned kroppen like mykje som vi varmar den opp for å få i gong blodsirkulasjon og utsveitting, ma. ei sælebot for heile deg!

Eit saunabad senkar blodtrykekt og gjer at musklane slappar av, men gir også same effekt som ei lett treningsøkt. Vel så viktig helseeffekt er at ein er her i hyggeleg selskap, pratar lite og roleg pga varmen og kjenner seg avslappa.

Ta med eiga yogamatte/pute/pledd eller gi beskjed omdu vil leige (kr. 20,-).

NÅR: Fredag 26.03.21 kl. 18.00 – ca 21.00.

Du får:

  • Handdukar
  • Te og kaffi
  • Frukt, snacks samt saunapannekake
  • Sauna damp med eteriske oljar.
  • Bjørkeris
  • Godt humør

BESTILLLING: Ver vennleg å fylle ut bookinga nede på sida her.

PRIS: Kr. 490,- pr pers. Betal på førehand for å sikre deg plass elles seinast same dag til vipps tilfnr. 90570674 – merk «yogaspa».

Begrensa plassar for å kunne halde god avstand: 7 stk. Min. 3 påmeldte for å at arrangementet blir gjennomført.

Vi følgjer FHi´s smittevernreglar for eit trygt spa:

  • Kom frisk og reis heim att om du har forkjølelsessymptom.
  • Hald trygg avstand til andre gjestar, minimum 1 meter.
  • Dusj kroppen og vask hendene ofte med såpe. Vi oppfordrar også alle gjestar til å regelmessig bruke antibac på hendene.
  • Heng opp handkle med god avstand til andre
  • Nys og host i albuekroken.

Alle velkomne!