Dato / tid
Date(s) - 29/12/2023
15:00 - 19:15
Kategorier
Ver velkomen inn til lys og varme denne fredagen i romjul. Her kan du vere med på eit varmt saunabad, lysmeditasjon og gongbad. Tina og Merete har sett saman eit program som vil gje deg gode opplevingar, senke skuldrane og bade deg i kjensla av velvære. Ingen forkunnskapar nødvendig, kom med eit ope sinn og ta med deg høvevise klede.
Du kan starte spadagen i vår vedfyrte sauna. Her vil du merke stive musklar slappar av, endorfinboost og den gode lavmelte praten – ei helsebringande gåve til kropp og sinn. Det blir nekel servering og ei lita pause før vi startar med sitjande lysmeditasjon og til slutt over ein time med gongbad, liggjande på god ullmatte.
Merete vil guide deg gjenom ein lysmeditasjon, kalla tratak, som tek ca. 30 minutt. Denne spesielle meditasjonen er nydeleg å vere med på no i mørketida. Så vil Tina ta over og du kan leggje deg til rette på gode avspenningsmatter med pute og pledd, og berre ta imot lydbadet. Tina spelar på velgjerande gongar og lydbollar. Det blir skapt vibrasjonar og energi som gir deg ei djup og god avspenning – ei helande stund for heile kroppen. Gongbad er ein urgamal seanse som kan minne om massasje og gje ei utrensing av mentale blokkeringar og frosse energi.
Du vil kjenne deg som ny etter dette romjulsspaet Du kan gå inn i det nye året med fornya energi og klårt sinn.
Servering: Frukt, sunn snacks, chaitè og saunapannekake.
Påmelding: Fyll ut booking inne på sida her. Du vil straks etter motte ein mail som stadfestar påmeldinga. Det er bindande påmelding og innbetaling av deltakaravgift når ein har sendt inn bestillinga.Du betaler till Vipps tlf. nr. 90570674. Du vil også få tilsendt ein velkomstmail eit par dagar innan vi møtest.
Pris/tid: Kr. 690,- for heile romjulspaet. Kl. 15 – 19.10
Sauna med servering av saunapannekake mm.: Kr. 390,-. Kl. 15 – 17.00.
Lysmeditasjon og gongbad inkl. chaité og snacks: Kr 390,- . Kl. 17.30 – 19.15.
Servering av tè, frukt, snacks frå kl. 17.00 – 17.30 i badehuset.
Alle velkomen.
Tina & Merete
Treng du overnatting så har vi to rom til utleige. Du kan også nytte høve til å handle naturbaserte luksuriøse spaprodukt til å ta med heim.
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.