#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 28/12/2022
18:00 - 20:00

Kategorier


Romjula er for mange ei tid for å roe ned, sette pris på at det er litt stilt og fredeleg rundt ein. Med romjulsyoga vil du kjenne roa senke seg ytterlegare. Candlelight yoga kallar vi denne yogaen som minner om yin yoga berre at det blir litt meir bevegelse innimellom djupe strekk. Vi startar med lysmeditasjon, også kalla Tratak, som vil gi ro og avspenning. Så blir det rolege yogastrekk liggjande eller sitjande på matta. Vi brukar pute og pledd i stillingane når det trengst for at det skal kjennest bra samt hjelpe kroppen spenne av.

Vi avsluttar yogaøkta med ei god avspenning på ei ullmatte som du får låne her. Det blir sjølvsagt rikeleg med levande lys og behageleg stemning rundt oss denne kvelden.

Du er velkomen til å ta ein kopp deileg chaité og frukt etterpå.

Ta med ei yogamatte, fast pute, eit pledd og varme klede og kom å bli med på ei nydeleg reise gjennom kropp og sinn.

Plass til 8 stk. så ikkje ver for sein ute med bestilllinga. Vi har også gåvekort om du vil gje ei mjuk og fin gåve til nokon du er glad i.

TID: Onsdag 28.12 kl. 18.00 – 20.00.

PRIS: Kr. 370,- pr pers. Student/pensjonist/nav kr. 270,- pr. pers.

PÅMELDING: Fyll ut Booking nedanfor. Ved å betale deltakaravgift stadfestar du påmeldinga di. Ved sjukdom får du heile beløpet refundert. Vipps nr. 90570674.

PS! Pass på at du ikkje nett har ete eit stort måltid mat før du kjem då det kan føre til ubehag å gjere yoga.

Alle velkomen, med eller utan yogaerfaring.

 

Merete