Dato / tid
Date(s) - 16/12/2017
15:00 - 18:00
Kategorier Ingen Kategorier
Kva er meir naturleg enn å ta ei grundig reingjering før jul? Også kropp og sinn treng varme og reinsing. Gi deg sjølv ei god og varm førjulsgåve ved å sveitte ut stress og mas i ei varm badstu, veksle mellom sauna og kaldt bad inne eller i snøen, massasje, gløgg og berre chille i tårnet med ein gløgg. Denne dagen kan du også prøve japansk reinserituale (kladt/varmt vatn) medan du tek eit fotbad i våre handlaga fotbad i cedertre.
Yoga- og spa-shopen vil vere open for berekraftig julehandel.
Bestilling av massasje bør skje nokre dagar på førehand.
Ope frå kl. 15 – 18.00.
Introduksjonspris: Kr. 150,-. pr. person. Betaling ved ankomst via vipps, betalingsterminal eller kontant. Kaffi/te/gløgg samt handduk inkl. i prisen.
Send gjerne ein sms eller mail om du kjem.
Velkomen til ei annleis førjulsførebuing.