Dato / tid
Date(s) - 25/11/2017
15:00 - 18:00
Kategorier
Laurdag 25. november fyrer vi opp badstua og du er velkomen til å slappe av i vårt nye badehus på Døving. I badstua kan du sveitte stress og spenningar i kroppen ut og kjenne den gode roa senke seg i kvar ein muskel i kroppen. Vi tappar kaldt vatn i badekaret slik at du kan veksle mellom kaldt bad og varm badstu. På den måten får ein ekstra god blodsirkulasjon. Mellom opphald i badstua og kaldt bad/dusj kan ein slappe av i tårnet eller i loungen. Ønsker du massasje bestiller du det nokre dagar på førehand.
Ope frå kl. 15 – 18.00.
Introduksjonspris ut året: kr. 150,-. pr. person. Familierabatt: 50% for person nr. 2, 3,og 4. Kr. 50,- for born under 15 år. Betaling ved ankomst via vipps, betalingsterminal eller kontant. Kaffi/te/vatn samt handduk inkl. i prisen.
Inga påmelding, men grupper over 6 personar bør avtale på førehand.